23380_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23380
10 965 nye føretak i 4. kvartal
statistikk
2004-02-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

10 965 nye føretak i 4. kvartal

Det vart registrert 10 965 nye føretak i Noreg i 4. kvartal 2003. I heile 2003 vart det registrert 41 979 nye føretak, dette er 146 færre enn i 2002. Tala omfattar alle føretak utanom offentleg forvaltning og primærnæringane.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Auke i høve til 3. kvartal

Talet på nyregistreringar er om lag 9 prosent høgare enn i 3. kvartal. Det er òg ein auke i høve til 4. kvartal i 2002. Om lag 92 prosent av nyregistreringane er nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd i samband med eit eigarskifte. Delen nyetableringar av det totale talet på nyregistreringar har halde seg mellom 91 og 94 prosent i 2003.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken er nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2003 og oppløyste føretak i 2001 og 2002 som vart publiserte 28. april 2003.

Tabeller: