23754_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23754
22 000 nye føretak i 1. halvår
statistikk
2002-11-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2. kvartal 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

22 000 nye føretak i 1. halvår

Det vart i 1. halvår 2002 registrert 22 177 nye føretak i Noreg. I heile 2001 vart det registrert 38 373 nye føretak. Tala omfattar alle føretak unnateke offentleg forvaltning og primærnæringane.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister. Det er fyrste gong denne statistikken blir publisert. Det er uvisse knytt til nokre av desse tala som er omtala i Om statistikken.

Nyetableringar og avgangar

93 prosent, eller 35 537 av dei nye føretaka i 2001, er nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd som til dømes ved eit eigarskifte.

For 2001 er det så langt registrert opphøyr i verksemda i 22 803 føretak.

I august 2002 var det om lag 35 000 tilsette i føretak som var nyetablerte i 2001, medan det var om lag 63 600 tilsette i alle nye føretak. Talet på tilsette i nyetablerte føretak utgjer om lag 55 prosent av talet på tilsette i alle nye føretak. 45 prosent av dei tilsette i nye føretak er altså tilsette i dei 7 prosent av føretaka som er registrerte for å overta ei eksisterande verksemd. Det var i desember 2000 om lag 75 0001 tilsette i føretak som har lagt ned eller selt verksemda i 2001.

Flest nye føretak innanfor forretningsmessig tenesteyting

Totalt er auken i 1. halvår 2002 på 7,4 prosent. Målet for auke er talet på nye føretak 1. halvår i høve til bestanden 1. januar 2002. Innanfor forretningsmessig tenesteyting vart det om lag 4 400 nye føretak, som er den største auken i absolutte tal. I databehandlingsverksemd er det om lag 1 500 nye føretak, det vil seie ein auke på 15 prosent.

Stor utskifting i IKT-sektoren

For IKT-sektoren samla er auken i 1. halvår på nærare 12 prosent. Det er også relativt fleire avgangar innanfor IKT-sektoren enn i populasjonen totalt, om lag 15 prosent av bestanden per 1. januar 2001. Tilsvarande tal for heile populasjonen er om lag 8 prosent.

Flest nye einmannsføretak

I 1. halvår 2002 vart det registrert om lag 15 000 nye einmannsføretak og om lag 6 000 nye aksjeselskap. Tilsvarande tal for heile 2001 var om lag 23 000 nye einmannsføretak og om lag 12 000 nye aksjeselskap.

Størst auke i sentrale strok

Den prosentvis største auken i 1. halvår finn vi i Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag med om lag 8 prosent. Tredjeparten av dei nye føretaka i 1. halvår er registrert i Oslo og Akershus. Lågast prosentvis auke er det i Sogn og Fjordane med om lag 5 prosent, medan det er registrert berre 266 nye føretak i Finnmark.

Meir i Statistikkbanken

Tala om føretaka vil også bli å finne i Statistikkbanken om kort tid. I tillegg til hovudtabellane finn du i Statistikkbanken bestandstal, nye føretak og nyetableringar i 2001 etter næring, organisasjonsform og storleik etter talet på tilsette. Nye føretak og nyetableringar 1.-2. kvartal 2002 og føretak der verksemda opphøyrde i 2001, er fordelte etter næring og organisasjonsform. Føretak, omsetning og sysselsette i 2000 er fordelte etter næring, organisasjonsform og storleik etter talet på sysselsette. Alle tabellar er tilgjengelege på nasjonalt nivå og fylkesnivå.

1  Tal retta 5. november 2002.

Tabeller: