Nyetablering av aksjeselskap forbi toppen

Publisert:

I 3. kvartal 2018 vart det registrert 14 263 nye føretak, som er 3,5 prosent færre enn i same kvartal 2017. Dette er andre året på rad då talet på nyetableringar i 3. kvartal er gått ned.

Det vart etablert 8,8 prosent færre nye aksjeselskap (AS) i 3. kvartal 2018, samanlikna med toppnoteringa for 3. kvartal frå året før. I same perioden gjekk talet på nye einskildpersonføretak opp med 0,7 prosent. Av dei nye føretaka var 59 prosent einskildpersonføretak og 38 prosent aksjeselskap.

Fallet i nyetableringar var størst i industrien og einskilde tenestenæringar: varehandel og bilverkstader, omsetting og drift av eigedom, samt helse- og sosialtenester. I byggje- og anleggsverksemd og forretningsmessig tenesteyting gjekk talet på nye føretak opp, men noko av auken kan henge saman med at fleire nye føretak vart registrerte med kjend næring.

Det er geografiske forskjellar i talet på nyetableringar. I Midt- og Nord-Noreg peikar trenden oppover, med ein samla auke på 3,4 prosent. I Sør-Noreg gjekk dei samla tala motsett veg, med ein nedgang på 4,9 prosent, men her var Aust-Agder eit unntak med ein vekst på 19,1 prosent.

1 Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Figur 1. Nye føretak unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane¹

Nye føretak
3. kv. 2008 11278
3. kv. 2009 10892
3. kv. 2010 11764
3. kv. 2011 11858
3. kv. 2012 12885
3. kv. 2013 13293
3. kv. 2014 13869
3. kv. 2015 14522
3. kv. 2016 15123
3. kv. 2017 14781
3. kv. 2018 14263

Kontakt