Færre nyetableringar i Rogaland

Publisert:

I 4. kvartal 2018 vart det registrert 15 090 nye føretak, ein nedgang på 1,2 prosent samanlikna med 4. kvartal 2017. Nedgangen var størst i Rogaland.

Det samla talet på nye føretak gjekk ned med 184 i 4. kvartal 2018, samanlikna med 4. kvartal 2017. I Rogaland åleine var nedgangen på 200, medan talet for resten av Noreg samla låg nokså stabilt. Det vart etablert noko færre føretak i Akershus og Oslo, medan talet auka i Trøndelag og Agder-fylka.

Det vart etablert 4,5 prosent færre nye aksjeselskap (AS) i 4. kvartal 2018, samanlikna med toppnoteringa for 4. kvartal frå året før. I same perioden gjekk talet på nye einskildpersonføretak opp med 1,9 prosent, til ny toppnotering. Av dei nye føretaka var 59 prosent einskildpersonføretak og 39 prosent aksjeselskap.

Det vart registrert eit fall i nyetableringar i industrien og enkelte tenestenæringar (varehandel og bilverkstader, samt informasjon og kommunikasjon). I fleire næringar gjekk talet på nye føretak opp, mellom anna innan kultur og underhaldning, og helse- og sosialtenester. Men det var samstundes eit stort fall i talet på føretak utan registrert næring. Auken i nyetableringar innan næringane kan difor skyldast at fleire nye føretak vart registrerte med kjend næring.

1 Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Figur 1. Nye føretak unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane¹

Nye føretak
4. kv. 2008 11707
4. kv. 2009 11795
4. kv. 2010 12507
4. kv. 2011 11759
4. kv. 2012 12567
4. kv. 2013 13236
4. kv. 2014 13657
4. kv. 2015 14264
4. kv. 2016 14429
4. kv. 2017 15274
4. kv. 2018 15090

Kontakt