Færre nye føretak

Publisert:

I 2. kvartal 2018 vart det registrert over 14 700 nye føretak. Dette er 0,7 prosent færre enn i det same kvartalet i fjor. Likevel er talet på nyetableringar det tredje høgste i 2. kvartal sidan 2008.

Av dei nye føretaka  var det 55 prosent einskildpersonføretak og 42 prosent aksjeselskap. Talet på nye einskildpersonføretak gjekk ned med 4,4 prosent frå 2. kvartal 2017 til 2. kvartal 2018. I den same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) opp med 4,6 prosent.

Talet på nye føretak gjekk ned i Sør-Noreg med 3,3 prosent, men opp i Trøndelag og Nord-Noreg med 13,2 prosent. Nedgangen var størst på det sørlege Vestlandet og i Oslo-regionen, mens auken var størst i Trøndelag.

Fleire nye føretak med kjend næring

I fleire næringar auka talet på nye føretak frå 2. kvartal 2017 til 2. kvartal 2018, til dømes:

  •  Byggje- og anleggsverksemd
  •  Fagleg tenesteyting, mv.
  •  Kulturell verksemd, mv.

Samstundes gjekk talet på nye føretak med ukjend næring betydeleg ned. Auken i talet på nye føretak i dei tre næringane kan difor henge saman med at fleire nye føretak vart registrerte med kjend næring.

1 Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Figur 1. Nye føretak unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane¹

Nye føretak
2. kv. 2008 13076
2. kv. 2009 10732
2. kv. 2010 11456
2. kv. 2011 11854
2. kv. 2012 13684
2. kv. 2013 14014
2. kv. 2014 14037
2. kv. 2015 14380
2. kv. 2016 14977
2. kv. 2017 14848
2. kv. 2018 14738

Kontakt