Færre nye føretak

Publisert:

I 1. kvartal 2018 vart det registrert 17 049 nye føretak. Samanlikna med 1. kvartal 2017 er dette ein nedgang på 2,9 prosent, men likevel er talet på nyetableringar det nest høgste i 1. kvartal sidan 2008.

Av dei nye føretaka var det 54 prosent einskildpersonføretak og 44 prosent aksjeselskap. Talet på nye einskildpersonføretak gjekk ned med 5,4 prosent frå 1. kvartal 2017 til 1. kvartal 2018, syner statistikken over nye føretak. I same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) opp med 1,2 prosent.

Størst nedgang i absolutte tal var det i Rogaland, mens den største auka var i Trøndelag (tidl. Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag). Samanlikna med 1. kvartal i 2017 vart det registrert 234 færre nye føretak i Rogaland og 139 fleire i Trøndelag. Størst prosentvis endring var det i Finnmark og Trøndelag med høvesvis 166,7 og 10,4 prosent auke, og Rogaland med ein nedgang på 15,3 prosent. I Finnmark er det relativt sett få nyetableringar – 16 i 1. kvartal 2018 – og dei prosentvise endringane kan derfor bli ekstra store i dette fylket.

1 Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Nye føretak unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane¹

Nye føretak
1. kv. 2008 14039
1. kv. 2009 12049
1. kv. 2010 13445
1. kv. 2011 14477
1. kv. 2012 16279
1. kv. 2013 14739
1. kv. 2014 16302
1. kv. 2015 16148
1. kv. 2016 16574
1. kv. 2017 17559
1. kv. 2018 17049

Kontakt