33355_not-searchable
/valg/statistikker/stortingsvalg/arkiv
33355
Auka valdeltaking og færre førehandsrøyster
statistikk
2005-10-27T10:00:00.000Z
Valg
no
stortingsvalg, Stortingsvalet, valresultat, valdeltaking, politiske parti, vallister, personar med røysterett, førehandsrøyster, godkjende røyster, mandatfordeling, storingsrepresentantarStortingsvalg, Valg
false

Stortingsvalet2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka valdeltaking og færre førehandsrøyster

Fleire deltok ved årets stortingsval samanlikna med valet for fire år sidan. Valdeltakinga ved årets val var på 77,4 prosent, ein auke på 1,9 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2001. Det vart avgjeve færre røyster på førehand. Arbeidarpartiet fekk nær ein tredjedel av alle førehandsrøystene.

Stortingsvalet 2005. Røyster på utvalde parti. Prosent

Stortingsvalet 2005. Røyster på førehand/valting. Prosent

Berre tre stortingsval etter den andre verdskrigen har hatt lågare valdeltaking, og det var valet i 2001, som hadde den lågaste valdeltakinga sidan 1927, og vala i 1993 og i 1945. Av dei godkjende røystene vart 17,8 prosent gjevne på førehand. Dette er 2,2 prosentpoeng færre i høve til førre stortingsval. Flest førehandsrøyster vart gjevne i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane. Her vart 42 prosent av røystene gjevne på førehand.

Alle fylka hadde auke i valdeltakinga i høve til valet i 2001. Den høgaste valdeltakinga hadde Akershus med 81,1 prosent, medan den lågaste hadde Finnmark Finnmárku med 70,4 prosent. Dette er i samsvar med tidlegare val. Størst auke i valdeltakinga i høve til valet for fire år sidan hadde Oslo og Aust-Agder med 2,7 prosentpoeng.

Stortingsvalet 2005. Valdeltaking i prosent. 1900-2005

Stortingsvalet 2005. Røyster gjevne til Arbeidarpartiet, etter fylke. Prosent

Oppegård kommune i Akershus hadde den høgaste valdeltakinga med 85,5 prosent. 14 av dei kommunane som var mellom dei 25 med høgaste valdeltaking i 2001, var òg denne gongen på topp 25. 61 av kommunane hadde valdeltaking over 80 prosent. Det var 13 kommunar som hadde ei valdeltaking under 70 prosent. Lågaste valdeltaking hadde Guovdageaidnu Kautokeino kommune i Finnmark Finnmárku med 63,5 prosent. Elleve av dei 25 kommunane med lågast valdeltaking var frå Finnmark Finnmárku, sju frå Nordland.

Flest førehandsrøyster til Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet fekk nær kvar tredje og Framstegspartiet kvar femte førehandsrøyst ved valet i haust. Det er interessant at valvinnarane (Ap, Frp, Sp og V) alle fekk fleire røyster på valtinget i høve til førehandsrøyster. For dei partia som hadde tilbakegang (H, KrF, SV) er det motsett mønster. Alle valtaparane fekk færre røyster på valtinget i høve til førehandsrøyster. Det er òg slik i år at alle valvinnarane hadde framgang i alle fylka, medan alle valtaparane hadde reduksjon i alle fylka.

Arbeidarpartiet og Framstegspartiet dei store vinnarane

Arbeidarpartiet vart den store vinnaren ved årets val og hadde ein sterk framgang på 8,4 prosentpoeng i høve til valet for fire år sidan, men historisk sett er det eit dårleg val for partiet. Ser ein vekk frå katastrofevalet for fire år sidan, må ein tilbake til 1930 for å finne lågare oppslutning om partiet. Den største framgangen til Arbeidarpartiet ved årets val var i dei tre nordlegaste fylka. I Hedmark, Oppland, Nord-Trøndelag og Finnmark Finnmárku hadde Arbeidarpartiet over 40 prosent oppslutning. Arbeidarpartikommunen framfor nokon er Årdal i Sogn og Fjordane, der nær tre av fire røysta på Arbeidarpartiet. I 13 av landets kommunar har partiet over 50 prosent oppslutning.

Stortingsvalet 2005. Røyster gjevne til Framstegspartiet, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2005. Røyster gjevne til Høgre, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2005. Røyster gjevne til Sosialistisk Venstreparti, etter fylke. Prosent

Framstegspartiet gjorde sitt beste val gjennom tidene. Framgangen var på 7,4 prosentpoeng i høve til førre val. Partiet er representert frå alle fylka, og for fyrste gong er partiet representert frå Finnmark Finnmárku. Den største auken kom i Vestfold og Aust-Agder. I 25 kommunar hadde Framstegspartiet over 30 prosent oppslutning, med Tjøme i Vestfold som den største med 38,9 prosent.

Ein må heilt tilbake til 1969 for å finne eit betre valresultat for Venstre. Dei auka talet på mandatar med åtte og enda opp med ti representantar. Størst framgang hadde Venstre i Akershus og Oslo. I Ulvik kommune i Hordaland hadde Venstre ei oppslutning på 20,1 prosent.

Senterpartiet hadde ein mindre framgang på 0,9 prosentpoeng sidan førre stortingsval. Framgangen i Sogn og Fjordane var på 3,3 prosentpoeng. Senterpartiet er tilbake på det same nivået som partiet var på åttitalet før EU-valet i 1993. I år vart Tolga i Hedmark beste kommune for partiet med 41,9 prosent av røystene.

Dårlegaste val for KrF og Høgre nokosinne

Det vart ein sterk tilbakegang for Kristeleg Folkeparti. Den totale reduksjonen vart på 5,6 prosentpoeng. Den største nedgangen for partiet var i Møre og Romsdal med 8,8 prosentpoeng i høve til valet i 2001. Historisk sett er dette det dårlegaste valet partiet nokosinne har gjort. Som vanleg er Audnedal i Vest-Agder den kommunen partiet gjer det best i.

Høgre gjorde òg eit historisk dårleg val. Dette valet var enno svakare i høve til valet i 1997, som hittil har vore Høgre sitt svakaste valresultat. Høgre har vorte landet sitt tredje største parti. Den sterke tilbakegangen var på 7,1 prosentpoeng. Størst reduksjon kom i kjerneområda til partiet med Oslo og Vestfold i spissen. Høgre vart største partiet i berre tre kommunar, Bærum og Asker i Akershus og Hemsedal i Buskerud.

Stortingsvalet 2005. Røyster gjevne til Kristeleg Folkeparti, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2005. Røyster gjevne til Senterpartiet, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2005. Røyster gjevne til Venstre, etter fylke. Prosent

Sosialistisk Venstreparti fekk ein reduksjon på 3,7 prosentpoeng av røystene samanlikna med fire år tidlegare. Men dette er det fjerde beste stortingsvalet partiet har oppnådd nokosinne. Valet i 2001 var det beste partiet har oppnådd. Største tap av røyster hadde partiet i Telemark og i dei to nordlegaste fylka. Som sist er det Namsskogan i Nord-Trøndelag som er den beste kommunen for partiet.

38 prosent kvinner på Stortinget

64 kvinner vart i år vald til Stortinget, noko som utgjer 38 prosent av representantane. Av Arbeidarpartiet sine 61 stortingsrepresentantar er 32 kvinner, det gjev ein kvinnerepresentasjon på 53 prosent, noko som er det høgaste i det nyvalde Stortinget. Lågast kvinnerepresentasjon har Framstegspartiet med 6 av 38 representantar, noko som tilsvarar 16 prosent.

Tabeller:

Tabeller

Tabeller til publiseringen