115133_not-searchable
/valg/statistikker/stemmerettst/hvert-4-aar
115133
3 643 600 har røysterett ved stortingsvalet
statistikk
2013-09-03T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere;Valg
no
stemmerettst, Personer med stemmerett, veljarar, fyrstegongsveljarar, veljarar med innvandrarbakgrunnStortingsvalg, Valg, Kommunestyre- og fylkestingsvalg , Innvandring og innvandrere, Valg
false

Personer med stemmerett9. september 2013

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

3 643 600 har røysterett ved stortingsvalet

3 643 600 veljarar fordelt på 3 009 valkrinsar har røysterett ved stortingsvalet i år. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer 5,9 prosent av dei røysteføre. Heile 30 prosent av veljarane er over 60 år, medan 3,4 prosent er fyrstegongsveljarar.

Stortingsval. Personar med røysterett 20 år og eldre og fyrstegongsveljarar 18-19 år, etter kjønn
2013
MennKvinnerI alt
I alt1 801 1561 842 4443 643 600
20 år og over1 737 2041 782 0273 519 231
Fyrstegongsveljarar 18-19 år63 95260 417124 369

Den totale mengda røysteføre har auka med 3,1 prosentpoeng sidan førre stortingsval i 2009.

Mange valkrinsar i ulik omfang

Det er 3 009 valkrinsar ved dette valet. Det er om lag som sist, men noko færre i høve til for åtte år sidan. 24 valkrinsar har eit manntal over 7 000. Den største valkrinsen er Horten, med 12 700 røysteføre. Den nest største valkrinsen i landet er Sentrum i Bodø, med 11 200 røysteføre. Valkrinsen Askimbyen i Østfold har 11 000 røysteføre.

På den motsette sida er det 13 røystekrinsar som har 20 eller færre i manntalet, seks krinsar har eit manntal på ti eller færre. Dølmo i Åmli kommune, Aust-Agder, har registrert fem røysteføre. Melfjordbotn krins i Rødøy kommune, Nordland har auka i frå fire til sju veljarar, og er med det ikkje lenger den minste røystekrinsen i landet.

Framleis sterk auke av røysteføre innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

215 000 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med norsk statsborgarskap har røysterett ved stortingsvalet. I høve til stortingsvalet i 2009 er dette ein auke på 51 200 røysteføre, eller 31 prosent. Den samla mengda røysteføre i denne kategorien har auka frå 3,6 prosent i 2005 til 4,6 i 2009 og til 5,9 prosent ved det komande valet.

Den største gruppa, 48 prosent, har bakgrunn frå asiatiske land. Røysteføre med bakgrunn frå andre europeiske land utgjer 25 prosent, medan røysteføre med bakgrunn frå afrikanske land utgjer 16 prosent. Geografisk er gruppa røysteføre innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre størst i Oslo. I hovudstaden utgjer denne gruppa 17 prosent av dei røysteføre, noko som er 3 prosentpoeng fleire sidan 2009. Til samanlikning utgjer gruppa høvesvis 7 prosent av dei røysteføre i Østfold, Akershus og Buskerud. Lågast mengd har Troms og Nordland. I desse fylka utgjer denne gruppa knappe 2 prosent av den samla mengda røysteføre.

Det er i alt 36 200 røysteføre med innvandrarbakgrunn som er fyrstegongsveljarar no i september. Denne gruppa inkluderar alle som røystar ved sitt fyrste val i Noreg. Røysteføre med asiatisk bakgrunn utgjer 18 000 av desse og 9 000 har afrikansk bakgrunn.

Heile 30 prosent av veljarane er over 60 år

Den yngste aldersgruppa 18-19 år utgjer 3,4 prosent av den samla mengda røysteføre, og har 123 700 veljarar som kan røysta for fyrste gong. Ved valet for fire år sidan utgjorde dei fyrstegongsrøystande 3,7 prosent av den totale mengda røysteføre.

Mengda røysteføre frå 60 år og eldre er 1 096 300, og denne gruppa utgjer heile 30 prosent av dei røysteføre. Denne aldersgruppa har auka jamt og trutt i dei seinare åra. Mengda kvinner i denne gruppa er 54 prosent. Alle fylka har fleire kvinner i høve til menn i den eldste aldersgruppa. Størst overvekt av kvinner gruppert på fylke har Oslo med 55 prosent. Deretter kjem Østfold, Vestfold og Telemark med 54 prosent. På motsett side har Finnmark – som ved førre stortingsval – den minste mengda kvinner av røysteføre over 60 år, med 51 prosent.