54601_not-searchable
/valg/statistikker/stemmerettkomm/hvert-4-aar-forelopige
54601
Ein av fire røysteføre i Oslo har innvandrarbakgrunn
statistikk
2011-03-24T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere
no
stemmerettkomm, Kommunestyre- og fylkestingsvalget, personer med stemmerett, stemmeberettigede, velgere, førstegangsvelgere, velgere med innvandrerbakgrunnValg, Kommunestyre- og fylkestingsvalg , Innvandring og innvandrere, Valg
false

Kommunestyre- og fylkestingsvalget, personer med stemmerett2011, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ein av fire røysteføre i Oslo har innvandrarbakgrunn

117 400 personar med innvandrarbakgrunn har røysterett ved årets val i Oslo, noko som utgjer 24,7 prosent av alle dei røysteføre i hovudstaden. Det er i alt 70 100 fleire utanlandske statsborgarar som kan røyste i Noreg i høve til ved valet i 2007.

Utrekna tal for utanlandske statsborgarar med røysterett. Utvalde land

Utrekna tal for røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, etter landbakgrunn. Prosent

I alt har vel 3,79 millionar personar røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten, ein auke på 180 900 røysteføre sida førre val, i 2007.

Fleire røysteføre med innvandrarbakgrunn

Ikring totalt 392 300 personar med innvandrarbakgrunn har røysterett ved valet til hausten, ein auke på 112 800 personar samanlikna med valet i 2007. I alt utgjer personar med innvandrarbakgrunn 10,4 prosent av dei røysteføre ved valet. 207 300 av desse er utanlandske statsborgarar med 3-årig butid eller meir, medan 185 000 er norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. Flest med innvandrarbakgrunn finn me i Oslo.

Sterk auke av utanlandske statsborgarar

Samanlikna med valet for fire år sidan er det 70 000 fleire utanlandske statsborgarar som kan røysta ved valet. Halvdelen av denne auken kjem av innvandring frå Aust-Europa. Det er 25 500 fleire frå Polen som kan delta ved dette valet. Den største gruppa er svenske statsborgarar, med 34 800 røysteføre. Dette er 11 300 fleire i høve til for fire år sidan.

Utrekna tal for utandlandske statsborgarar med røysterett, etter statsborgarskap. Prosent

Utrekna tal for norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. Utvalde land

Fleire eldre veljarar

Samanlikna med valet i 2007 har 24 300 fleire 18-21-åringar røysterett ved lokalvalet for fyrste gong, samstundes som det har vorte fleire eldre røysteføre. Mengda eldre veljarar, 67 år og eldre, har auka med 40 000 samanlikna med 2007, og utgjer 17,6 prosent av dei røysteføre.

Norske statsborgarar busett i utlandet vert automatisk oppførte i manntalet dersom dei har vore busett i Noreg i dei ti siste åra, og elles følgjer krava til røysterett. I år vil denne gruppa utgjere 39 300 personar.

Ved lokalval i Noreg har alle norske statsborgarar som er 18 år og eldre og busette utanlandske statsborgarar med over 3 år butid røysterett. Nordiske statsborgarar kan røyste dersom dei er registrerte i manntalet innan 30. juni i valåret. I høve til førre lokalval i 2007 har det vore ein auke i tala på røysteføre i alle fylke.

Tabeller: