16301_not-searchable
/valg/statistikker/stemmerettkomm/arkiv
16301
Ein av fem røysteføre i Oslo har innvandrarbakgrunn
statistikk
2007-03-22T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere
no
stemmerettkomm, Kommunestyre- og fylkestingsvalget, personer med stemmerett, stemmeberettigede, velgere, førstegangsvelgere, velgere med innvandrerbakgrunnValg, Kommunestyre- og fylkestingsvalg , Innvandring og innvandrere, Valg
false

Kommunestyre- og fylkestingsvalget, personer med stemmerett2007, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ein av fem røysteføre i Oslo har innvandrarbakgrunn

Nær 90 000 personar med innvandrarbakgrunn har røysterett ved årets val i Oslo, noko som utgjer 20 prosent av alle dei røysteføre i hovudstaden. Den største prosentvise auken i talet på røysteføre generelt finn me i Oslo, Akershus og Rogaland.

Utrekna tal for røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, etter landbakgrunn. Prosent

Utrekna tal for utanlandske statsborgarar med røysterett. Utvalde land

Ikring 280 000 personar med innvandrarbakgrunn har røysterett ved valet til hausten, ein auke på 51 000 personar samanlikna med valet i 2003. I alt utgjer personar med innvandrarbakgrunn 7,7 prosent av dei røysteføre ved valet. 137 000 av desse er utanlandske statsborgarar med 3-årig butid eller meir, medan 142 000 er norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. Flest med innvandrarbakgrunn finn me i Oslo. Hjå norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn finn me flest med ikkje-vestlig bakgrunn (heile 87 prosent), medan mellom utanlandske statsborgarar med røysterett finn me flest med vestleg bakgrunn (58 prosent).

Utrekna tal for norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. Utvalde land

Utrekna tal for utanlandske statsborgarar med røysterett, etter statsborgarskap. Prosent

Av einskildland finn me flest røysteføre frå Sverige og Danmark. Deretter fylgjer Pakistan og Vietnam. Samanlikna med valet i 2003 har det vore størst auke i talet på røysteføre med bakgrunn frå Somalia, som har auka med vel 3 900 personar. 32 prosent av dei røysteføre med innvandrarbakgrunn er busett i Oslo, mot 12 prosent av alle røysteføre i Noreg.

Fleire har røysterett

I alt har vel 3 610 000 personar røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten, ein auke på 100 000 røysteføre sida førre kommunestyre- og fylkestingsval. I høve til førre lokalval i 2003 har det vore ein auke i tala på røysteføre i nær alle fylke, berre i Sogn og Fjordane har det vore ein mindre reduksjon. I Oslo har det vore ein vekst på 4,9 prosent, medan tala for Akershus og Rogaland er på høvesvis 4,8 og 5 prosent.

Samanlikna med stortingsvalet i 2005 vil det vera om lag 190 000 fleire røysteføre ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten.

Utrekna tal for personar med røysterett. Landsdelar. Prosent

Auke i talet på fyrstegongsveljarar

Samanlikna med valet i 2003 så har 21 000 fleire 18-21-åringar røysterett ved lokalvalet for fyrste gong, samstundes som det har blitt fleire eldre røysteføre. Mengda eldre veljarar, 67 år og eldre, har auka med 14 000 samanlikna med 2003.

Norske statsborgarar busett i utlandet vert automatisk oppførte i manntalet dersom dei har vore busett i Noreg i dei ti siste åra, og elles fylgjer krava til røysterett. I år vil denne gruppa utgjere 42 000 personar.

Ved lokalval i Noreg har, i tillegg til alle norske statsborgarar som er 18 år og eldre, òg busette utanlandske statsborgarar med over 3-år butid røysterett. Nordiske statsborgarar kan røyste dersom dei er registrerte i manntalet innan 30. juni i valåret.

Tabeller: