16145_om_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/aar
16145_om
statistikk
2010-08-06T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
false

Utanrikshandel med tenester2008

Frå og med 1. kvartal 2011 vart denne statistikken publisert kvartalsvis. Frå og med 2. kvartal 2013 vart tala for utanriks sjøfart inkludert i denne statistikken.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Utanrikshandel med tenester
Emne: Utenriksøkonomi

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utenrikshandelstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Import:
Føretaka sine utgifter til kjøp av tenester frå utanlandske leverandørar i samband med import av dei ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.

Eksport:
Føretaka sine inntekter frå sal av tenester til utanlandske kundar i samband med eksport av de ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.


Konserninterne tenester:
Tenestehandel med utanlandske einingar innan same konsern skal førast som eigne postar, og rapporterast som "herav eksport av konserninterne tenester" og "herav import av konserninterne tenester" under kvar einskild tenestetype. Med konsern vert det i denne samanhengen meint einingar som står i relasjon til kvarandre, som til dømes morselskap, dotterselskap, søsterselskap, dotterdotterselskap etc.

  • Morselskap er eit selskap som, direkte eller indirekte, har kontroll over dei andre einingane innan konsernet.
  • Dotterselskap er eit selskap der morselskapet har direkte kontroll.
  • Dotterdotterselskap er eit selskap der eit dotterselskap har direkte kontroll, medan morselskapet har indirekte kontroll.
    Med kontroll vert det her meint meir enn 50 prosent eigardel i eit anna selskap.

Land:
Import: Registreringslandet til den utanlandske leverandøren.
Eksport: Registreringslandet til den utanlandske kunden.

Beløp i NOK 1000:
Alle tall skal rapporterast i heile 1000 NOK.

Standard klassifikasjonar

Næring:
Til og med publiseringa for året 2009 vart statistikken publisert etter Standard for næringsgruppering 2002 (SN2002) som standard klassifikasjon for bedrifter og føretak innan ulike næringar. Denne standarden var ei norsk tilpassing av Eurostat sin NACE Rev 1.1. Frå og med statistikken for året 2010 vart Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) teken i bruk. SN2007 samsvarar med EU sin standard, NACE Rev. 2, og utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i Bedrifts- og føretaksregisteret. Bruk av felles standardar er viktig innanfor økonomisk statistikk då dette gjer det mogleg å samanlikne og analysere statistiske data på tvers av landegrenser og over tid.

Tenestetype:
Fylgjer EU sin produksjonsstandard Classification of Products by Activity (CPA).

Land:
Fylgjer den internasjonale standarden ISO-3166 (alfa-2).

Administrative opplysingar

Bakgrunn

Produksjon

Nøyaktigheit og pålitelegheit