Underskotet på tenestebalansen held fram

Publisert:

Frå 2. kvartal 2017 til 2. kvartal i år gjekk eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak opp 3,3 prosent og enda på 57,2 milliardar kroner. Tenesteimporten utgjorde 61,5 milliardar etter ein oppgang på 6,1 prosent. Det ga eit underskot på 4,3 milliardar kroner.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak for 2. kvartal 2018 synte ein oppgang i både eksport og import frå 1. til 2. kvartal 2018. Eksporten gjekk opp med 12,4  prosent, medan importen auka med 13,1 prosent.

Viktige tal for eksport av tenester

  • Næringa transport og lagring, den største eksport-næringa, auka eksporten med 7,8 prosent til 29,7 milliardar kroner samanlikna med same kvartalet året før. Næringa utgjorde halvparten av samla tenesteeksport i 2. kvartal 2018.
  • Eksporten av sjøtransporttenester stod for ein del på 40,9 prosent, eller 23,4 milliardar kroner.
  • Det vart eksportert tenester til EU-land utanom Norden for 20,3 milliardar kroner, dette tilsvarar om lag ein tredel av total tenesteeksport.

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring sto for nær ein tredel av tenesteimporten i 2. kvartal 2018, med 18,5 milliardar kroner. Dette var ein oppgang på om lag 1 milliard kroner i forhold til 1. kvartal 2018.
  • Forretnings- og profesjons- og tekniske tenester utgjorde 18,9 prosent av norske ikkje-finansielle føretak sin import av tenester i 2. kvartal 2018, tilsvarande 11,6 millardar kroner.
  • 45,6 prosent av den norske tenesteimporten kjem frå føretak i EU-land utanom Norden.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Figur 2. Eksport av tenester etter region

1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2018 2. kv.
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 34.8 32.3 34.1 34.9 33.5 31.4 35.4
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.6 18.3 16.1 16.3 16.4 18.1 17.6
Nord- og Mellom-Amerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.8 14.1 13.1 12.8 13.7 13
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.4 16.8 15.8 16.1 17.1 17.6 16.2
Andre regionar 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 17.2 14.6 16.7 17.2 17.6 17.3 16.1

Figur 3. Import av tenester etter region

1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3.kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv. 3.kv. 4. kv. 1. kv. 2018 2. kv.
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40 43.5 44.1 43.7 43.8 42.1 45.6
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13.6 13.1 12.7 12 12.1 12.8 12.3
Nord- og Mellom-Amerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.1 14.2 14 12.9 13.1 13.1 13
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 20.9 20.7 20.2 21.8 20.4 22 20.3
Andre regionar 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 8.6 6.6 7.4 8.2 9.3 8.5 7.2