Tenesteeksporten nær 60 milliardar

Publisert:

Eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak gjekk i 4. kvartal 2018 opp med 4,2 prosent frå 4. kvartal 2017 og enda på 59,7 milliardar kroner. Importen auka med 2,8 prosent, og tenestebalansen fekk et underskot på 3,8 milliardar.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein auke i både eksport og import samanlikna med 3. kvartal 2018. Importen auka med 6,3 prosent medan eksporten steig 5,4 prosent.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Eksport av tenester

  • Den største eksportnæringa - transport og lagring - auka med 12,9 prosent til 30,4 milliardar kroner samanlikna med 4. kvartal 2017.
  • Eksporten av sjøtransporttenester enda på 23,8 milliardar kroner, også ein markant auke frå 4. kvartal 2017.
  • Det vart eksportert tenester til EU-land utanom Norden for 20,3 milliardar kroner, som svarar til om lag ein tredel av den totale tenesteeksporten.

Figur 2. Eksport av tenester

1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 34.8 32.3 34.1 35.1 34.1 31.7 35.6 35.9 34.1
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.6 18.3 16.1 15.9 16.2 17.7 17.4 17.2 17.3
Nord og MellomAmerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.8 14.1 13.1 12.8 13.8 13 12.6 13.4
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.4 16.8 15.8 16.1 17 17.8 16.5 16 16.5
Andre Regioner 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 17.2 14.6 16.7 17.4 17.3 17.4 15.8 15.6 16.6

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring synte ein klar auke på 10,2 prosent frå 4. kvartal 2017. Importen enda på 20,4 milliardar kroner.
  • Det vart importert mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 4. kvartal 2018. Tenestegruppa utgjorde 20,3 prosent av total tenesteimport.
  • EU-land utanom Norden står bak 45,4 prosent av den totale tenesteimporten, tilsvarande 28,8 milliardar kroner.

Figur 3. Import av tenester

landagg_no 1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40 43.5 44 43.9 43.9 42.3 45.5 44.3 45.4
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13.6 13.1 12.7 12 12 13.1 12.7 12.4 12.6
Nord og MellomAmerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.1 14.2 14 13 13.2 13.6 13.3 12.7 12.7
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 20.9 20.7 20.1 21.4 20.5 21.3 19.5 21.4 19.9
Andre Regioner 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 8.6 6.6 7.5 8.1 9.1 8.4 7.4 7.5 7.7