Framleis underskot på tenestebalansen

Publisert:

Eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak gjekk i 3. kvartal i år opp med 10,3 prosent frå 3. kvartal 2017 og enda på 56,7 milliardar kroner. Tenestebalansen enda med eit underskot på 3,7 milliardar kroner.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak for 3. kvartal 2018 er omlag uendra i både eksport og import samanlikna med 2. kvartal 2018. Eksporten gjekk opp med 0,8 prosent, medan importen auka med 0,6 prosent.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Viktige tal for eksport av tenester

  • Næringa transport og lagring, den største eksport-næringa for tenester, auka eksporten med 15,4 prosent til 29,7 milliardar kroner samanlikna med same kvartalet året før. Næringa utgjorde halvparten av samla tenesteeksport i 3. kvartal 2018.
  • Eksporten av sjøtransporttenester stod for ein andel på 40,6 prosent eller 23 milliardar kroner.
  • Det vart eksportert tenester til EU-land utanom Norden for 20,7 milliardar kroner, dette tilsvarar om lag ein tredel av total tenesteeksport. 

Figur 2. Eksport av tenester etter region

1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 34.8 32.3 34.1 35.3 33.9 31.7 35.8 36.5
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.6 18.3 16.1 16.2 16.3 17.9 17.5 17.1
Nord og MellomAmerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.8 14.1 13 12.7 13.8 13 12.7
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.4 16.8 15.8 16.2 17.3 17.7 16.3 15.9
Andre Regioner 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 17.2 14.6 16.7 17 17.2 17.3 15.7 15.7

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring sto for nær ein tredel av tenesteimporten i 3. kvartal 2018, med 19.1 milliardar kroner. Dette var ein oppgang på 2,1 milliardar kroner samanlikna med same kvartalet året før.
  • Forretnings- og profesjons- og tekniske tenester utgjorde 19 prosent av norske ikkje-finansielle føretak sin import av tenester i 3. kvartal 2018, tilsvarande 11,5 milliardar kroner.
  • 45 prosent av tenestene vart importert frå føretak i EU-land utanom Norden.

Figur 3. Import av tenester etter region

landagg_no 1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40 43.5 44 44.2 44.2 42.6 46 44.8
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13.6 13.1 12.7 12 12 12.8 12.4 12.1
Nord og MellomAmerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.1 14.2 14 12.9 13 13.3 13 12.4
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 20.9 20.7 20.1 21.6 20.6 21.2 19.7 21.6
Andre Regioner 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 8.6 6.6 7.5 8 8.8 8.5 7.4 7.7