22808_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22808
Elevtalet auka mest i Oslo
statistikk
2010-12-09T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
true

Elevar i grunnskolen1. oktober 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Elevtalet auka mest i Oslo

Det blei registrert 614 000 elevar i grunnskolen hausten 2010. I heile landet har det vore ein svak auke i elevtalet frå førre skoleår. Talet på elevar auka mest i Oslo, med 2,3 prosent.

Talet på elevar i grunnskolen i Oslo auka med 1 260 frå førre skoleår. I Akershus var det også auke i elevtalet, med 650 fleire elevar enn førre skoleår. I dei fleste andre fylka gjekk elevtalet noko ned.

Talet elevar i privatskolar auka med drygt 400 elevar, eller 2,6 prosent, det siste skoleåret. Sjølv om elevtalet ved private skolar auka det siste året, er det framleis berre 2,6 prosent av alle elevar som går i private grunnskolar.

Framleis nedgang i talet grunnskolar

Det blei registrert 2 957 grunnskolar hausten 2010, ein nedgang på 40 frå førre skoleår. 159 av grunnskolane var private. Talet privatskolar auka raskt frå skoleåret 2000/01 til 2005/06. Auka var derimot berre på ni frå 2005/06 til 2010/11. Det siste skoleåret auka talet private grunnskolar med tre.

Tabeller: