22768_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22768
Færre grunnskolar
statistikk
2009-04-29T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre grunnskolar

I skoleåret 2008/2009 blei det registrert 3 059 grunnskolar, ein nedgang på 43 sidan året før. Det har vore ein nedgang i både offentlege og private grunnskolar.

Grunnskolar. Skoleåra 1985/86-2008/09

Private grunnskolar. Skoleåra 1985/86-2008/09

Det blir stadig færre grunnskolar i Noreg. I 2008 gjekk talet på offentlege grunnskolar ned med 40. Talet på private grunnskolar gjekk brått opp i skoleåra frå 2000 til 2005. Sidan 2005 har auken flata ut, og det siste året har talet gått ned. Hausten 2008 vart det registrert 154 private grunnskolar i Noreg, 3 færre enn året før.

Færre elevar

Elevtalet har også gått noko ned det siste året. Totalt vart det registrert 614 000 elevar i ordinære grunnskolar, ein nedgang på 2 400 elevar frå førre skoleåret. Elevtalet ved dei private skolane gjekk svakt opp og låg på 15 400. Dette svarar til 2,5 prosent av alle elevar i grunnskolen.

Fleire får særskild norskopplæring

Nær 7 prosent av alle elevar i grunnskolen, snautt 41 000 elevar, fekk særskild norskopplæring i grunnskolen i 2008. Det er ein auke på nærare 1 000 elevar frå førre skoleåret. Over 22 000 elevar fekk morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Somalisk, urdu og arabisk er dei største språka, med høvesvis 2 570, 2 440 og 1 913 elevar.

13,4 prosent har nynorsk som målform

Om lag 82 000 elevar, eller 13,4 prosent av alle elevar i grunnskolen, hadde nynorsk som målform i 2008. Det er noko lågare enn førre året. Nær 90 prosent av alle elevar som har nynorsk som målform, går på skole i eitt av vestlandsfylka: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. 940 elevar hadde samisk som målform, dei aller fleste går på skole i Finnmark.

Tabeller: