22774_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22774
Fleire elevar med spesialundervisning
statistikk
2007-12-11T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire elevar med spesialundervisning

Førebelse tal for skoleåret 2007/2008 viser at det er nærare 616 400 grunnskoleelevar, ein nedgang på vel 2 300 elevar frå året før. Det er 6 200 elevar i eigne grupper for spesialundervisning i grunnskolen, ein auke på meir enn 1 000 elevar frå året før. Det er fleire store skolar, og betre tilgang på datamaskiner og Internett for elevane.

Elevtalet i spesialundervisningsgrupper har auka med meir enn 1 000 elevar frå førre skoleår, slik at det no er vel 6 200 elevar i alt i desse gruppene. Det er flest elevar i spesialundervisningsgrupper i Akershus og Rogaland med nærare 640 elevar. Færrast elevar i spesialundervisningsgrupper finn vi i Nord-Trøndelag der det er nærare 90 elevar.

Talet på elevar i eigne faste grupper for språklege minoritetar har stige med om lag 560 elevar. I Finnmark er det 16 elevar i eigne grupper for språklege minoritetar, medan det er flest i Rogaland med vel 380 elevar.

Fleire store skolar

Det er totalt 3 102 skolar, ein nedgang på 27 frå førre skoleår. Det er dei store skolane med 300 elevar eller meir som har auka. Her er det 13 fleire skolar enn førre skoleår, medan skolar med 100-299 elevar og mindre enn 100 elevar har gått ned med respektive 25 og 17 skolar. Skolane med 300 elevar eller meir har 54 prosent av alle elevane, medan skolar med 100-299 elevar og mindre enn 100 elevar står for respektive 38 og 8 prosent av elevmassen.

Datamaskiner og tilgang til Internett

Dei siste åra har det vore ein jamn auke i talet på datamaskiner for elevane i grunnskolen. Medan det for skoleåret 2006/2007 var 4,7 elevar per datamaskin, er det no fire elevar per datamaskin. Elevar per datamaskin med Internett-tilgang er no på 4,2, medan det var 5,2 førre skoleår. På Svalbard har elevane god tilgang på datamaskiner med nær ein datamaskin per elev. Dårlegast tilgang har elevane i Vestfold, der det er 5,2 elevar per datamaskin. Utanom Svalbard ligg Sogn og Fjordane og Finnmark høgt med tre elevar per datamaskin.

Tabeller: