22778_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22778
Færre elevar i grunnskolen
statistikk
2006-12-19T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre elevar i grunnskolen

Det er 618 713 elevar i grunnskolen skoleåret 2006/07, som er ein nedgang frå året før på nær 1 000 elevar, viser dei førebelse tala. Det er fyrste gong på 14 år det er ein nedgang i talet på elevar i norske grunnskolar.

Nedgangen kjem etter at det heilt sia skoleåret 1992/93 har vore ein oppgang i talet på elevar i norske grunnskolar. Men sjølv om det er lenge sia det har blitt færre elevar i skolane frå eit år til neste, er det ikkje unikt. I åra frå statistikken blei starta i 1979/80 og fram til byrjinga på 90-talet var det ein årviss nedgang i elevtalet.

Auke i tilgangen til datamaskiner

I skoleåret 2006/07, året Kunnskapsløftet trår til for fullt med IKT som eiga læringsmål, er det nær 4,7 elevar per datamaskin i grunnskolen. Talet på elevar per datamaskin med internettilgang er 5,2. Det gjer ein auke i tilgangen på datamaskiner på 13 prosent og ei auke i internettilgang på 17 prosent frå det førre skoleåret. Det er forskjell fylka imellom. I Akershus er det 5,8 elevar per maskin medan Sogn og Fjordane berre har 3,5 elevar per maskin. Svalbard er i ei eiga klasse med berre 1,4 elevar per datamaskin der alle har internettilkopling. Nasjonalt er 90 prosent av alle datamaskinene ved skolane kopla til internett.

Tabeller: