22796_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22796
Meir enn 100 morsmål
statistikk
2002-06-04T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. september 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir enn 100 morsmål

Hausten 2001 vart det registrert meir enn 40 000 elevar frå språklege minoritetar i norske grunnskolar. Nærare 18 600 av dei fekk opplæring i morsmålet sitt, eller fagundervisning på morsmål. Til saman vart det gitt morsmålsundervisning på meir enn 100 språk.

Elevar frå språklege minoritetar, det vil seie elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, utgjorde 6,8 prosent av elevmassen hausten 2001. Om ein ser bort frå dei elevane som vart registrerte på "anna" som morsmål, var 148 ulike morsmål representerte blant språklege minoritetar i grunnskolen.

Etter forskrift til opplæringslova har kommunane plikt til å gi elevar med eit anna morsmål enn norsk og samisk nødvendig morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring til dei har tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje vanleg undervisning. Ikke alle elevar frå språklege minoritetar treng slik opplæring. Hausten 2001 fekk nærare 18 600 elevar morsmålsopplæring og/eller fagopplæring på morsmålet sitt (tospråkleg fagopplæring). Det er 3,1 prosent av elevane i grunnskolen. Delen elevar som får slik undervisning har auka med 1 prosentpoeng frå 2,1 prosent skoleåret 1992/93, men har vore stabil dei siste fire åra.

Det vart registrert morsmålsundervisning og tospråkleg fagopplæring på 101 språk, i tillegg kjem dei som er registrert på "anna". Av dei som fekk slik opplæring, var urdu det største språket med nær 3 000 elevar. Fleire enn 1 000 elevar fekk opplæring i eller på vietnamesisk, arabisk, somalisk, albansk, kurdisk, bosnisk og tyrkisk.

38 900 elevar med særskild norskopplæring

Hausten 2001 fekk om lag 32 900 elevar, eller 81 prosent av alle elevane som vart registrerte som minoritetsspråklege, særskild norskopplæring. Det er 5,5 prosent av alle elevane i grunnskolen.

14,9 prosent har nynorsk som målform

Skoleåret 2001/02 hadde om lag 89 200 elevar i grunnskolen nynorsk som målform, 509 900 hadde bokmål, mens i overkant av 1 000 elevar hadde samisk. Fordelinga er om lag den same som det førre skoleåret.

I tillegg til dei som hadde samisk som førstespråk, hadde meir enn 750 elevar samisk som andrespråk. Meir enn 700 elevar fekk òg undervisning i faget "Samisk språk og kultur".

Ikkje det same som innvandrarar

Elevar frå språklege minoritetar kan ikkje utan vidare samanliknas med personar i innvandrarbefolkninga i alderen 6-15 år. Elevar frå språklege minoritetar vert i grunnskolestatistikken definert som elevar som snakkar eit anna morsmål enn norsk og samisk i heimen. Om ein ser bort frå dei elevane som får særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring, må ein rekne med at registreringa av elevar frå språklege minoritetar kan vere noko basert på skjønn. Innvandrarbefolkninga omfattar derimot førstegenerasjonsinnvandrarar utan norsk bakgrunn og personar fødd i Noreg av to utanlandsfødte foreldre (sjå "Om statistikken" under www.ssb.no/innvbef/ ).

Tabeller: