22800_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22800
40 000 elevar frå språklege minoritetar
statistikk
2001-06-06T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. september 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

40 000 elevar frå språklege minoritetar

Hausten 2000 var om lag 40 000 av 590 000 elevar i grunnskolen elevar frå språklege minoritetar. Det er 7 prosent av elevane. Halvparten av dei fekk opplæring i morsmål, og meir enn 70 prosent fekk særskild norskopplæring.

 Elevar frå språklege

Hausten 2000 hadde i overkant av 40 000 elevar i grunnskolen eit anna morsmål enn norsk og samisk. Det er knapt 7 prosent av elevane. Oslo hadde den største delen elevar frå språklege minoritetar, med knapt 31 prosent. Etter det kjem Vest-Agder og Buskerud med 8 prosent. Nord-Trøndelag har den minste delen elevar frå språklege minoritetar, der dette gjeld 1,5 prosent av elevane. Nordland og Troms har 2 prosent kvar.

Urdu er framleis det morsmålet som vert snakka av dei fleste elevane frå språklege minoritetar i grunnskolen. Over 4 600 elevar har det som morsmål. Etter det kjem albansk med nesten 3 000 elevar, og vietnamesisk og engelsk med nesten 2 800 elevar kvar. Arabisk og spansk vert òg snakka av meir enn 2 000 elevar.

Forskrift til opplæringslova seier at kommunen skal gje elevar i grunnskolen med eit anna morsmål enn norsk og samisk nødvendig morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring til dei har nok kunnskap i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Hausten 2000 fekk 45 prosent av elevane frå språklege minoritetar morsmålsopplæring og/eller tospråkleg opplæring. Det er ein liten auke frå hausten 1999, då 44 prosent av desse elevane fekk slik opplæring. Dei siste åra har talet vore mellom 40 og 50 prosent. Hausten 2000 fekk 77 prosent av dei framandspråklege elevane særskild norskopplæring. Det er òg ein auke frå skoleåret 1999/00, då talet var 72 prosent.

Nesten 85 prosent har bokmål som målform

Nesten 85 prosent av elevane i grunnskolen har bokmål som målform. Det er om lag same delen som det førre skoleåret. Omtrent 15 prosent nyttar nynorsk, og 0,2 prosent nyttar samisk. Nynorskelevane finn ein stort sett i fylka i sør og i vest, mens samisk berre vert nytta av elevar i dei tre fylka lengst nord.

590 000 elevar i grunnskolen

Skoleåret 2000/01 var det meir enn 590 000 elevar i grunnskolen og 3 260 skolar. 426 000 elevar gjekk på barnesteget og 162 000 på ungdomssteget. Nesten 2 000 elevar gjekk i spesialklassar og eigne klassar for språklege minoritetar i vanlege grunnskolar. Elevtalet per klasse var i gjennomsnitt 20,1. På barnesteget var det 19,3 elevar per klasse, og på ungdomssteget var det 23,0.

Tabeller: