22802_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22802
590 000 elevar i grunnskolen
statistikk
2000-12-19T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. september 2000, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

590 000 elevar i grunnskolen

Ved starten av skoleåret 2000/01 var det meir enn 590 000 elevar i grunnskolen. Det er meir enn 10 000 fleire enn skoleåret 1999/2000.

Dei siste ti åra har talet på elevar i grunnskolen auka med 117 000 totalt. Etter at seksårsreforma (Reform 97) vart innført frå skoleåret 1997/98, har elevtalet auka med meir enn 10 000 elevar kvart skoleår.

Små endringar i skolestrukturen dei siste åra

Ved inngangen til skoleåret 2000/01 var det 12 grunnskolar færre enn ved inngangen til skoleåret 1999/2000. Nokre av endringane i talet på skolar kjem av administrative endringar.

Det er nesten 150 skolar færre i 2000/01 enn for ti år sidan. Endringa i skolestrukturen sidan Reform 97 har ikkje vore markant samanlikna med den endringa ein hadde frå midten av 1980-talet til midten av 1990-talet. Frå skoleåret 1985/86 til skoleåret 1995/96 gjekk talet på skolar ned frå 3 525 til 3 285.

Skilnader mellom fylka

Det er flest elevar i grunnskolen i Akershus, Hordaland og Oslo med respektive 66 000, 60 600 og 49 800. Finnmark har framleis færrast elevar med 10 200. Elevtala for Aust-Agder og Sogn og Fjordane er 14 000 og 15 200.

Det er òg stor variasjon i talet på grunnskolar i dei ulike fylka. Hordaland er det fylket som har flest skolar, med 350. Nordland, Møre og Romsdal, Akershus og Rogaland har òg meir enn 200 skolar. Desse fylka har mellom 240 og 270 skolar. Fylka med det lågaste talet på skolar er Aust-Agder med 80, og Finnmark med 100 skolar.

Elevtala for til dømes Nordland og Møre og Romsdal er etter måten låge, med 32 500 og 33 300.

Det er om lag halvparten av talet på elevar i det fylket som har flest elevar. Likevel har desse to fylka mange skolar. Skilnadene heng mellom anna saman med skilnader i demografi og busetjingsmønster mellom fylka.

Noko større klasser

I skoleåret 2000/01 var det i gjennomsnitt 20,2 elevar per klasse i grunnskolen, mot 20,0 året før. Det var ikkje noko endring i talet på elevar per klasse på barnesteget (1.-7. klasse), men på ungdomssteget gjekk talet opp frå 22,8 til 23,0. Dei siste ti åra har talet på elevar per klasse auka frå 19,2 til 20,2 elevar per klasse. På barnesteget har talet auka frå 17,9 til 19,3 elevar, og på ungdomssteget frå 22,3 til 23,0.

Tabeller: