90636_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/aar
90636
Auke i private grunnskolar
statistikk
2012-12-14T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i private grunnskolar

Hausten 2012 var det 185 private grunnskolar i Noreg. Det er ein auke på 13 skolar frå førre skoleår. Det var også auke i elevtalet ved dei private skolane.

Del privatskolar og del elevar i privatskolar. Skoleåra 2002/03-2012/13

Talet på private grunnskolar har vore ganske stabilt sidan 2005, men dei to siste åra har det vore ein auke på 20 private grunnskolar. Dei private grunnskolane utgjorde 6 prosent av alle grunnskolar hausten 2012. Flest private grunnskolar var det i Rogaland og Hordaland som begge hadde 17, medan Sogn og Fjordane og Finnmark hadde færrast, med 2 kvar.

Elevtalet ved privatskolane auka

I alt blei det registrert 615 000 elevar i norske grunnskolar hausten 2012. Medan talet på elevar i alt har vore stabilt det siste året, auka talet på elevar ved dei private grunnskolane med 9 prosent frå førre skoleår. Til saman var det 18 200 elevar i private grunnskolar, noko som utgjorde 3 prosent av alle elevar i grunnskolen. Oslo fylke hadde flest elevar i private grunnskolar, med nærare 3 000, eller 5 prosent av alle elevane i fylket. Sjølv om det har vore ein auke i talet på elevar i private grunnskolar i Noreg dei siste ti åra, er det framleis eit lågt tal samanlikna med nabolanda våre. I Sverige og Danmark var høvesvis 12 og 15 prosent av elevane i private grunnskolar i 2011.1

Det blir færre av dei små skolane

I alt var det 2 957 grunnskolar per 1. oktober 2012. Samla sett var det ein nedgang på 43 grunnskolar frå førre skoleår. Det er særleg talet på barneskolar som går ned, medan talet på ungdomsskolar og kombinerte skolar berre har hatt ein liten nedgang dei siste åra.

Det er ikkje så store endringar frå år til år med omsyn til storleiken på skolane, men i løpet av dei sju siste åra har delen skolar som har mindre enn 100 elevar, gått frå 37 til 32 prosent. Det er berre 7,5 prosent av elevane som går på desse små skolane. Dei fleste elevane, 55 prosent, går på skolar med meir enn 300 elevar.

Den gjennomsnittlege storleiken på skolar målt ved elevar per skole har auka med 13 prosent dei siste ti åra. I 2012 var det i gjennomsnitt 208 elevar per skole.

Færre elevar får morsmålsopplæring

18 600 elevar fekk morsmåls- og/eller tospråkleg fagopplæring eller tilrettelagd opplæring. Det er ein nedgang på 2 150 elevar frå førre skoleår. Det er elevane som får både morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring, som har hatt den største nedgangen. 44 300 elevar fekk særskild norskopplæring, ein liten auke samanlikna med førre skoleår.

Uendra tal for spesialundervisning

Om lag 52 700 elevar fekk spesialundervisning hausten 2012. Delen elevar som fekk spesialundervisning, var den same som året før, 9 prosent. Høvesvis 11 og 7 prosent av elevane ved ungdomssteget og barnesteget fekk spesialundervisning.

Frå og med skoleåret 2011/2012 er spesialskolar og ordinære skolar slått saman i grunnskolestatistikken. For å få samanliknbare tal, har vi også slått saman spesialskolar og ordinære skolar bakover i tid. Av denne årsaka vil tal som er publiserte før 2012/2013, avvike frå tala som blir offentleggjorde her.

1 .Kjelde: Skolverket og Danmarks Statistik.

Tabeller: