15694_not-searchable
/utdanning/statistikker/utfolk/aar
15694
Fleire deltakarar på kortkurs
statistikk
2010-04-22T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utfolk, Folkehøgskolar (opphørt), deltakere, årselever, hovedemner (for eksempel språkfag, servicefag, samfunnsfag), utenlandske statsborgereVoksenopplæring , Utdanning
false

Folkehøgskolar (opphørt)2009

SSB publiserer tall for langkurs på folkehøgskoler i statistikken Videregående opplæring og annen videregående utdanning

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire deltakarar på kortkurs

Etter ein mellombels nedgang i deltakarar på kortkurs viser tala frå 2009 at aktiviteten er tilbake på det same nivået som i 2006. I 2009 tok 19 600 deltakarar ulike kortkurs ved folkehøgskolane. Dette er ein oppgang på om lag 3 100 deltakarar, eller 19 prosent, frå året før.

For fleire aldersgrupper er auken i talet på deltakarar nesten dobla sidan i fjor, medan den største aldersgruppa, 50 år og eldre, har hatt ein liten nedgang. Kvinnelege deltakarar var i fleirtal, og menn utgjorde 37 prosent. I 2009 var det fagområdet estetiske fag og handverksfag som var mest populært. Dei tre områda humanistiske fag, trus- og livssynsfag; samfunnsfag og helse-, sosial- og idrettsfag hadde om lag 3 000 deltakarar kvar. Ser ein på skulefylke, var det Nordland som hadde flest deltakarar, medan Oslo hadde færrast.

Tabeller: