Foreldrebetaling i barnehagar auka 1,5 prosent

Publisert:

Eit gjennomsnittleg norsk hushald betalte drygt 2 800 kroner i månaden for ein barnehageplass med kostpengar og andre utgifter i 2019, ein auke på 1,5 prosent frå året før.

I januar 2019 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald i overkant av 2 500 kroner i månaden for ein barnehageplass. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn drygt 300 kroner for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Dette er ein auke på 1,5 prosent samanlikna med same tidspunkt i fjor, syner nye tal frå statistikken Foreldrebetaling i barnehagar.

Eit års fulltidsopphald i norske barnehagar, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, kosta i snitt 31 200 kroner i januar 2019.

Tala er rekna ut ifrå eit rikt datagrunnlag, med fullteljing av både private og kommunale barnehagar. Dette gjev oss eit godt bilete av gjennomsnittleg foreldrebetaling for barn i barnehagen.

Interessert i meir? Sjå rapporten «Foreldrebetaling i barnehager, januar 2019».

Maksprisen vart frå januar 2019 auka frå 2 910 kroner til 2 990 kroner per månad. Den nominelle auken er 2,7 prosent. Ettersom dei aller fleste barnehagar følgjer den nasjonalt bestemte satsen, har dette vore eit bidrag til auken i foreldrebetaling i barnehagar frå januar 2018 til januar 2019.

Høgast og lågast

Møre og Romsdal var fylket med høgast gjennomsnittleg årsbetaling i januar 2019. Det same var òg gjeldande for Møre og Romsdal i 2018. Frå 2018 til 2019 auka årsbetalinga 1,7 prosent for nemnde fylke.

På motsett side var det lågast gjennomsnittleg årsbetaling i Finnmark, kor årsbetalinga viste ein nedgang frå 2018 til 2019 på 1,4 prosent. Samanlikna med Møre og Romsdal, hadde Finnmark større prosentvis del barn som fekk søskenmoderasjon, i tillegg til at fleire kommunar i Finnmark tilbyr ei meir generøs moderasjonsordning enn det som er minstekravet.

Kommunale og private barnehagar

Ifølgje datamaterialet per januar 2019 kravde private barnehagar i gjennomsnitt meir i kostpengar og andre tilleggsutgifter. I kommunale barnehagar betalte eit gjennomsnittleg hushald knapt 3 000 kroner årleg i kostpengar og andre tilleggsutgifter per barn, ei auke på 3,2 prosent frå same periode i fjor.

For private barnehagar var gjennomsnittleg pris i overkant av 3 800 kroner; 3,3 prosent meir enn året før. Den nominelle prisforskjellen på kostpengar og andre tilleggsutgifter mellom private og kommunale barnehagar har auka sidan førre år.

Faktaside

Kontakt