Fleire overnattingar

Publisert:

Alle typar overnattingsverksemder hadde fleire overnattingar i september 2019 samanlikna med same månaden året før. Nok ein gong var det hotella som bidrog mest til veksten.

Tal frå Overnattingsstatistikken syner at det var omlag 2,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg i september 2019. Dette er 112 000 fleire overnattingar enn i september 2018. Brorparten av auken var ved hotella med heile 106 000 fleire overnattingar.

Figur 1. Overnattingar, etter overnattingstype

Norske Utenlandske
Sept. 2019 90157 87466
Sept. 2018 89722 87080
Hyttegrend:
Sept. 2019 304821 99558
Sept. 2018 311532 89541
Camping:
Sept. 2019 1607517 568076
Sept. 2018 1535611 533611
Hotell:

Store forskjellar på fylka

I løpet av september var det rett under 2,2 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på om lag 5,1 prosent frå september i fjor. Det var stor variasjon mellom fylka, nokon hadde solid auke i talet på hotellovernattingar; Oslo og Rogaland aleine stod for nesten tre fjerdedelar av veksten. Andre fylke opplevde derimot nedgang. Hedmark og Møre og Romsdal var fylka med størst nedgang med om lag 4 000 færre overnattingar kvar.

Både utanlandske og norske hotellovernattingar auka i september, med høvesvis 6,5 og 4,7 prosent. 

Figur 2. Endring i overnattingar på hotell frå september 2018 til september 2019. Fylke. Prosent

ØSTFOLD 4.8
AKERSHUS 1.3
OSLO 11.4
HEDMARK -8.2
OPPLAND -1.4
BUSKERUD -1.8
VESTFOLD -3.5
TELEMARK 4.5
AUST-AGDER -7.2
VEST-AGDER 2.1
ROGALAND 22.5
HORDALAND 5.7
SOGN OG FJORDANE 5.5
MØRE OG ROMSDAL -4.3
TRØNDELAG 3.4
NORDLAND 5.5
TROMS 6.0
FINNMARK 1.0
SVALBARD -2.4
Figur 2. Endring i overnattingar på hotell frå september 2018 til september 2019. Fylke. Prosent
ØSTFOLD 4.8
AKERSHUS 1.3
OSLO 11.4
HEDMARK -8.2
OPPLAND -1.4
BUSKERUD -1.8
VESTFOLD -3.5
TELEMARK 4.5
AUST-AGDER -7.2
VEST-AGDER 2.1
ROGALAND 22.5
HORDALAND 5.7
SOGN OG FJORDANE 5.5
MØRE OG ROMSDAL -4.3
TRØNDELAG 3.4
NORDLAND 5.5
TROMS 6.0
FINNMARK 1.0
SVALBARD -2.4

Svalbard

Svalbard hadde 11 440 hotellovernattingar i september. Det var ein reduksjon på 2,4 prosent målt mot september i 2018. Ein av tre hotellovernattingar på Svalbard stod utlendingar for og det var denne gruppa som bidrog til reduksjonen. Bland dei utanlandske turistane var det flest tyskarar, etterfølgt av amerikanarar og britar i september. Talet på dei norske hotellovernattingane var så å seie like i september 2018 og i september 2019.

Figur 3 . Overnattingar på Svalbard for september. 2014-2019

2014 2015 2016 2017 2018 2019
I alt 8821 10298 9443 10077 11724 11440
Norge 6691 6839 6269 5877 7557 7569
Utlandet 2130 3459 3174 4200 4167 3871

Fleire utanlandske overnattingar på camping ...

  • 404 000 overnattingar på campingplassar i september 2019
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp med 11 prosent
  • Norske vart redusert med 2,1 prosent

… og på hyttegrendene

  • Rett under 177 000 overnattingar på hyttegrender i september 2019
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp med 7,5 prosent
  • Norske vart redusert med 6 prosent

Kontakt