13378_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverni/arkiv
13378
Ein million kronar per institusjonsplass
statistikk
2002-09-16T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barneverni, Barnevernsinstitusjoner, barnevern, private institusjoner, offentlige institusjoner, driftsutgifter, institusjonsplasser, oppholdsdager, omsorgsplasseringer, akuttplasseringer, adferdsplasseringer, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagoger, sosionomer, førskolelærere)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernsinstitusjoner2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ein million kronar per institusjonsplass

Ein plass i barnevernsinstitusjon kosta i gjennomsnitt 1 030 000 kroner i 2001. Det er 7 prosent meir enn året før. Kostnadene per institusjonsplass varierer mykje. Plassane i akutt- og utgreiingsinstitusjonar og i bu- og arbeidskollektiv var dei dyraste.

I institusjonar for foreldre og barn (mødreheimar), som var billegast, kosta ein plass 606 000 kroner. I barne- og ungdomsheimane, der ein finn over halvparten av plassane, var prisen i gjennomsnitt 1 039 000 kroner per år. Plassane i akutt- og utgreiingsinstitusjonar og i bu- og arbeidskollektiv, som var dei dyraste, kosta til samanlikning 1 244 000 kroner og 1 187 000 kroner i nemnde rekkjefølgje.

Halvparten av institusjonane er offentlege

Det offentlege eig og driv vel halvparten (52 prosent) av dei 205 registrerte barnevernsinstitusjonane. Langt dei fleste av desse (92 prosent) har fylkeskommunane ansvar for. Private, organisasjonar og stiftelsar eig resten av institusjonane.

205 institusjonar

Det var i 2001 registrerte i alt 205 barnevernsinstitusjonar med til saman 1 853 plassar. Året før var det til samanlikning 1 724 plassar i 183 institusjonar. Fordelinga i 2001 var slik: 18 barneheimar, 80 ungdomsheimar, 22 kombinerte barne- og ungdomsheimar, 14 institusjonar for foreldre og barn (mødreheimar), 21 bu- og arbeidskollektiv, 31 akutt- og utgreiingsinstitusjonar og 19 andre. Nær seks av ti barnevernsinstitusjonar (59 prosent) er i dag barne- eller ungdomsheimar, det vil seie institusjonar som er ein bustad til barn og unge som treng det. Mange av desse institusjonane har akuttplassar i tillegg til plassar for langvarige plasseringar i barnevernet.

Av i alt 1 853 plassar finn ein 825 (45 prosent) i offentleg eigde institusjonar. Fleirtalet, det vil seie 1 028 plassar, var i institusjonar eigd av private eller stiftelsar.

Oslo har best dekningsgrad

Eit mål på dekningsgrad er å sjå talet på plassar i høve til talet på barn under 18 år i kvart fylke. Plassane i kvar einskild institusjon er her delte på dei fylka som disponerte plassane på ein gitt teljedato.

Plassar i barnevernsinstitusjonar per 10 000 barn 0-17 år, etter fylke. 2000 og 2001

For heile landet under eitt var dekningsgraden 17 plassar per 10 000 barn under 18 år, mot 16 året før. Oslo ligg framleis på topp med 33 plassar per 10 000 barn, med Buskerud, Sør-Trøndelag og Akershus med 23, 22 og 21 plassar. Deretter følgjer Finnmark med 20 plassar per 10 000 barn. Sogn og Fjordane og Oppland har framleis den dårlegaste dekninga, med 6 og 7 plassar per 10 000 barn. Nord-Trøndelag ligg òg lågt med 8, og Vest-Agder og Hedmark hadde 9 plassar per 10 000 barn under 18 år.

3 742 årsverk

Det blei i alt utført 3 742 årsverk ved dei 205 institusjonane i 2001, mot 3 379 årsverk ved i alt 183 institusjonar i 2000. Talet på tilsette per institusjonsplass var 2,0 årsverk per plass i 2001, det same som året før. Barnevernspedagogane er framleis den største faggruppa med 25 prosent av alle årsverk i 2001, mot 26 prosent året før. Ufaglærte er framleis ei stor gruppe og tel 28 prosent av alle tilsette, det same som året før.

Flest gutar

Det var, som året før, eit fleirtal av gutar (57 prosent) blant dei 1 628 som hadde plass i barnevernsinstitusjon per 15. januar 2002. Gutane var overrepresentert i alle typar institusjonar.

Aldersgruppa 14-17 år er framleis den største og utgjorde nær seks av ti (59 prosent) av bebuarane. Vi finn at seks av ti av bebuarane hadde budd i institusjon under eitt år, og at ein av ti (11 prosent) hadde eit opphald på over 3 år.

Driftsutgifter på 1,8 milliardar

Av dei 205 institusjonane som var i bruk i 2001, manglar vi økonomiopplysningar frå ti. Ni av desse var privateigde institusjonar. I utrekninga av kostnader per plass inngår derfor berre 195 institusjonar med 1 760 plasser. Brutto driftsutgifter for desse var på vel 1,8 milliardar kroner.

Samanliknar ein kostnadane på plassar i offentlege og privat eigde institusjonar, finn ein at gjennomsnittsprisen i offentlege ligg om lag 10 prosent høgare, 1 087 000 og 980 000 kroner per plass i nemnde rekkjefølgje. Forklaringa på dette er truleg at det offentlege eig og driv fleire akutt- og utgreiingsinstitusjonar der ein òg finn dei dyraste plassane og flest fagfolk. Samanliknar ein prisen på plassar i barne- og ungdomsheimar er skilnaden liten, 1 050 000 og 1 025 000 kroner per plass.

Tabeller: