13380_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverni/arkiv
13380
Ein barnevernsplass kosta 964 000 kroner
statistikk
2001-09-20T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barneverni, Barnevernsinstitusjoner, barnevern, private institusjoner, offentlige institusjoner, driftsutgifter, institusjonsplasser, oppholdsdager, omsorgsplasseringer, akuttplasseringer, adferdsplasseringer, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagoger, sosionomer, førskolelærere)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernsinstitusjoner2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ein barnevernsplass kosta 964 000 kroner

Ein plass i barnevernsinstitusjon kosta i gjennomsnitt 964 000 kroner i 2000. Det er 3 prosent meir enn året før. Kostnadene per institusjonsplass varierer mykje. Plassane i bu- og arbeidskollektiv og i akutt- og utgreiingsinstitusjonar var dei dyraste.

I institusjonar for foreldre og barn (mødreheimar), som var billegast, kosta ein plass 524 000 kroner. I barne- og ungdomsheimane, der ein finn over halvparten av plassane, var prisen i gjennomsnitt 991 000 kroner per år. Plassane i bu- og arbeidskollektiv og i akutt- og utgreiingsinstitusjonar, som var dei dyraste, kosta til samanlikning 1 239 000 og 1 166 000 kroner i nemnde rekkjefølgje.

Seks av ti institusjonar er offentlege

Det offentlege eig og driv 57 prosent av dei registrerte barnevernsinstitusjonane. Langt dei fleste av desse (91 prosent) har fylkeskommunane ansvar for. Private, organisasjonar og stiftelsar eig resten av institusjonane.

183 institusjonar

Det var i 2000 registrert i alt 183 barnevernsinstitusjonar med til saman 1 724 plassar. Fordelinga var slik: 21 barneheimar, 66 ungdomsheimar, 20 kombinerte barne- og ungdomsheimar, 14 institusjonar for foreldre og barn (mødreheimar) og 11 bu- og arbeidskollektiv, 29 akutt- og utgreiingsinstitusjonar og 22 andre. Vel fem av ti barnevernsinstitusjonar (54 prosent) er i dag enten barne- eller ungdomsheimar, det vil seie institusjonar som er eit butilbod til barn og unge som treng det. Mange av desse institusjonane har akuttplassar i tillegg til plassar for langvarige plasseringar i barnevernet.

Oslo har best dekningsgrad

Eit mål på dekningsgrad er å sjå talet på plassar i høve til talet på barn under 18 år i kvart fylke. Plassane i kvar einskild institusjon er her delte på dei fylka som disponerte plassane på ein gitt teljedato.

 Plassar i barneverninstitusjonar per 10 000 barn 0-17 år, etter fylke. 1999 og 2000

For heile landet under eitt var dekningsgraden 16 plassar per 10 000 barn under 18 år, mot 15 året før. Oslo ligg framleis på topp med 32 plassar per 10 000 barn, med Østfold og Finnmark på andreplass med 22 plassar. Deretter fylgjer Sør-Trøndelag og Akershus med 19 plassar per 10 000 barn. Sogn og Fjordane og Oppland har framleis den dårlegaste dekninga, med seks og sju plassar per 10 000 barn i nemnde rekkjefølgje. Bortsett frå Østfold og Hordaland er det berre små endringar frå 1999. For begge desse fylka er institusjonar i grenselandet til fosterheimar no tekne inn i statistikken.

3 379 årsverk

Det blei i alt utført 3 379 årsverk ved dei 183 institusjonane i 2000, mot 3 196 årsverk ved i alt 177 institusjonar i 1999. Talet på tilsette per institusjonsplass gjekk ned siste år, frå 2,1 årsverk per plass i 1999 til 2,0 årsverk per plass i 2000. Barnevernspedagogane er framleis den største faggruppa med 26 prosent av alle årsverk i 2000, mot 27 prosent året før. Ufaglærte er framleis ei stor gruppe og tel no 28 prosent av alle tilsette, mot 26 prosent året før.

Driftsutgifter på 1,6 milliarder

Av de 183 institusjonane som var i bruk i 2000 manglar det økonomiopplysningar frå sju. I utrekninga av kostnader per plass inngår derfor berre 176 institusjonar med 1 672 plassar. Brutto driftsutgifter for desse var på vel 1,6 milliarder kroner.

Tabeller: