13382
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverni/arkiv
13382
8 prosent dyrare institusjonsplassar
statistikk
2000-09-07T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barneverni, Barnevernsinstitusjoner, barnevern, private institusjoner, offentlige institusjoner, driftsutgifter, institusjonsplasser, oppholdsdager, omsorgsplasseringer, akuttplasseringer, adferdsplasseringer, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagoger, sosionomer, førskolelærere)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernsinstitusjoner1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

8 prosent dyrare institusjonsplassar

Ein plass i barneverninstitusjon kosta i gjennomsnitt 934 000 kroner i 1999. Det er 8 prosent meir enn året før. Kostnadene per institusjonsplass varierer mykje. Plassane i bu- og arbeidskollektiv og i akutt- og utgreiingsinstitusjonar var dei dyraste og kosta i gjennomsnitt 1,2 og 1,1 millionar kroner per år.

I institusjonar for foreldre og barn (mødreheimar), som var billegast, kosta ein plass 592 000 kroner. I barne- og ungdomsheimane, der ein finn om lag halvparten av plassane, var til samanlikning prisen i gjennomsnitt 880 000 kroner per år. Ved utgangen av 1999 var det i alt registrert 177 institusjonar med til saman 1 534 plassar. Talet på tilsette per institusjonsplass har auka siste år.

Seks av ti er offentlege

Det offentlege eig og driv seks av ti barneverninstitusjonar, 60 prosent. Langt dei fleste av desse (92 prosent) har fylkeskommunane ansvar for. Private, organisasjonar og stiftelsar eig resten av institusjonane.

177 institusjonar

Det var i 1999 registrert i alt 177 barneverninstitusjonar med til saman 1 534 plassar. Fordelinga var slik: 18 barneheimar, 66 ungdomsheimar, 16 kombinerte barne- og ungdomsheimar, 15 institusjonar for foreldre og barn (mødreheimar), 12 bu- og arbeidskollektiv, 29 akutt- og utgreiingsinstitusjonar og 21 andre. Vel fem av ti barneverninstitusjonar (56 prosent) er i dag enten barne- eller ungdomsheimar, det vil seie institusjonar som er eit butilbod til barn og unge som treng det. Mange av desse institusjonane har nokre akuttplassar i tillegg til plassar for langvarige plasseringar i barnevernet.

Oslo har best dekningsgrad

Eit mål på dekningsgrad kan vere å sjå talet på plassar i høve til talet på barn under 18 år i kvart fylke. Plassane i kvar einskild institusjon er her delte på dei fylka som disponerte plassane på ein gitt teljedato.

 Plassar i barneverninstitusjonar per 10 000 barn 0-17 år, etter fylke. 1998 og 1999

For heile landet under eitt var dekningsgraden i 1999, som året før, 15 plassar per 10 000 barn under 18 år. Oslo ligg framleis på topp med 30 plassar per 10 000 barn, men talet har gått ned dei to siste åra frå 33 plassar per 10 000 barn i 1997. Finnmark ligg på andreplass med 20 plassar, og deretter fylgjer Sør-Trøndelag med 18 plassar per 10 000 barn. Oppland og Sogn og Fjordane hadde den dårlegaste dekninga med seks plassar per 10 000 barn, mot sju året før.

Fleire tilsette

Det blei i alt utført 3 196 årsverk ved dei 177 institusjonane i 1999. Dette er 2,1 årsverk per plass mot 1,9 året før. Barnevernspedagogane er framleis den største faggruppa med 27 prosent av alle årsverk i 1999, mot 28 prosent året før. Ufaglærte er framleis ei stor gruppe og tel no 26 prosent av alle tilsette, mot 27 prosent året før.

Driftsutgifter på 1,4 milliardar

Av dei 177 institusjonane som var i bruk i 1999 manglar det økonomiopplysningar frå fem. I utrekninga av kostnader per plass inngår derfor berre 172 institusjonar med 1 487 plassar. Brutto driftsutgifter for desse var på nær 1,4 milliarder kroner.

Frigitt 7. september 2000 (C) Statistisk sentralbyrå

Tabeller: