På grunn av vedlikehold kan ssb.no og Statistikkbanken være ustabil i lange perioder i løpet av helgen, og helt utilgjengelig lørdag 16. oktober fra kl 17:00 til 21:00. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Fleire og fleire med innvandrarbakgrunn i barnevernet

Publisert:

8 700 innvandrarar og 6 850 norskfødde med innvandrarforeldre fekk hjelp frå barnevernet i løpet av 2017. Av dei som fekk tiltak dette året hadde 28 prosent innvandrarbakgrunn.

I 2013 var det 24 prosent innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med ulike typar tiltak frå barnevernet. Både talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som får tiltak, har auka desse fem åra. Likevel har samansetninga av dei med innvandrarbakgrunn endra seg noko. Og til tross for flyktningstraumen hausten 2015 har prosentdelen norskfødde med innvandrarforeldre med barnevernstiltak auka frå 42 til 44, og delen innvandrarar har gått tilsvarande ned. Noko av forklaringa kan vere knytt til den ulike alderssamansetninga mellom innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Alder blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn

Av 1 464 770 barn og unge i alderen 0-22 år per 1.1.2018 var nesten 18 prosent innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Gruppa norskfødde med innvandrarforeldre var størst med 142 386 barn og unge. Medan det var 116 112 innvandrarar i aldersgruppa 0-22 år. Det er svært ulik alderssamansetning i dei to gruppene. Blant norskfødde med innvandrarforeldre er det største årskullet 0 år og årskulla blir gradvis mindre dess eldre barna blir.

Fleire med tiltak enn folketalet tilseier

Det var fleire barn og unge i alderen 0-22 år med innvandrarbakgrunn som fekk tiltak frå barnevernet enn delen dei utgjer av befolkninga. Medan 18 prosent av barn og unge i Noreg i alderen 0-22 år hadde innvandrarbakgrunn per 1. januar i år, fekk 28 prosent i den same gruppa tiltak frå barnevernet i løpet av 2017. Figur 1 viser at det er klart fleire innvandrarar i barnevernet.

Figur 1

Figur 1. Barn og unge 0-22 år i befolkninga og barn og unge 0-22 år med barnevernstiltak, etter innvandrarbakgrunn. 2017

Blant innvandrarar er det meir vanleg å få tiltak frå barnevernet enn blant norskfødde med innvandrarforeldre. Det er òg vanlegare enn hjå dei utan innvandrarbakgrunn. Det er store skilnader. For medan 54 per 1 000 innvandrarar under 23 år fekk tiltak på slutten av 2017, var talet 32 norskfødde med innvandrarforeldre og 24 per 1 000 utan innvandrarbakgrunn med tiltak.

Figur 2. Barn og unge 0-22 år med barnevernstiltak 31.12. per 1 000, etter innvandrarbakgrunn

2013 2014 2015 2016 2017
Innvandrarar 51.8 50.3 49.3 55.5 54.4
Barn og unge utan innvandrarbakgrunn 22.3 22.5 22.2 23.3 23.7
Norskfødde med innvandrarforeldre 33 31.8 32.1 32.2 31.5

Fleire med bakgrunn frå Asia, Afrika etc. fekk tiltak

Det er stor skilnad mellom innvandrarar frå Asia, Afrika etc. der 75 per 1 000 fekk tiltak, og innvandrarar frå EU etc. der 20 per 1 000 fekk slik hjelp i 2017. Også blant norskfødde med innvandrarforeldre er denne skilnaden stor med 37 med tiltak per 1 000 barn og unge med foreldre frå Asia, Afrika etc. og 13 per 1 000 med foreldre frå EU etc.

Figur 3. Barn og unge 0-22 år med barnevernstiltak 31.12. per 1 000, etter innvandrarbakgrunn og landbakgrunn. 2017

Innvandrarar Norskfødde med innvandrarforeldre
Barn og unge med tiltak i alt 54.4 31.5
EU etc. 20.4 13.4
Asia, Afrika etc. 74.7 37.0

Større del av meldingar og undersøkingar gjeld barn og unge med innvandrarbakgrunn

Også for meldingar til barnevernet og undersøkingar som vart konkluderte har prosentdelen med innvandrarbakgrunn auka dei siste fem åra. Frå 23 prosent av meldingane i 2013 til 28 prosent i 2017, og frå 24 til 29 prosent blant undersøkingane som vart konkluderte i 2017 hadde innvandrarbakgrunn.

Frå melding via undersøking til tiltak

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal sette i gang ei undersøking eller legge bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, be om tiltak frå fylkesnemnda eller om ein skal legge bort saka.

 

Kontakt