Færre av dei minste under omsorg av barnevernet

Publisert:

Barnevernet hadde etter vedtak i fylkesnemnda omsorg for vel 9 000 barn på slutten av 2017. Dette er 0,8 prosent av alle barn under 18 år i Noreg og likt med året før. Talet på barn under seks år under omsorg har gått ned dei siste åra.

Av dei vel 9 000 som var under omsorg i alderen 0–17 år budde 91 prosent i fosterheim, 5 prosent i barnevernsinstitusjon og 3 prosent i beredskapsheim. Ei slik fordeling viser at ei omsorgsovertaking har eit langsiktig perspektiv der fosterheim er sett som det beste alternativet for ein oppvekst utanfor heimen.

Omsorgstiltak

Omsorgstiltak er etter lov om barneverntjenester grunngjeve i § 4-12 (og § 4-8). Alle vedtak om å overta omsorg for eit barn og plassere det til oppfostring utanfor heimen blir avgjort i fylkesnemnda. Eit barn kan vere under omsorg til det er 18 år.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker er eit domstolsliknande forvaltingsorgan som har avgjerdsmakt i blant anna saker om omsorgsovertaking av barn.

Til saman var det 15 600 barn og unge som var plasserte utanfor heimen på slutten av 2017, 6 600 som eit hjelpetiltak. Blant dei som er plasserte som eit hjelpetiltak budde 44 prosent i fosterheim, 38 prosent i bustad med oppfølging, 12 prosent i barnevernsinstitusjon og 6 prosent i beredskapsheim.

Jamn auke i delen under omsorg siste 15 år

Barn under omsorg som del av befolkninga har auka frå 5,3 per 1 000 barn 0–17 år på slutten av 2003 til 8,0 i 2017. Dei siste tre åra kan det sjå ut til at talet stabiliserer seg med 7,9 per 1 000 i 2015 og 8,0 både på slutten av 2016 og 2017.

Figur 1. Barn 0-17 år med tiltak frå barnevernet per 31.12. per 1 000 barn 0-17 år. 2003-2017

2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Omsorgstiltak 5.3 5.4 5.5 5.6 5.7 5.8 6 6.3 6.5 7 7.2 7.6 7.9 8 8
Hjelpetiltak 18 19.1 19.7 20.3 21.8 22.6 23.6 24.1 24 23.7 22.5 22 21.4 22.7 22.9

For hjelpetiltak som inkluderer både tiltak i heimen og frivillige plasseringar, går delen meir opp og ned desse 15 åra. Dei siste to åra har det vore ein auke, og på slutten av 2017 var det 22,9 barn med hjelpetiltak per 1 000 barn i aldersgruppa 0–17 år. Dette er ein mindre del enn i åra rundt 2010 då omtrent 24 barn per 1 000 fekk hjelpetiltak frå barnevernet.

Færre små barn under omsorg

Talet på barn under 6 år med omsorgstiltak har gått ned sidan 2015, medan det blir stadig fleire i den eldste gruppa over 13 år, og det er ein viss auke òg i aldersgruppa 6–12 år. Denne utviklinga kan tyde på at talet på barn med omsorgstiltak stabiliserer seg då omsorgstiltak vert avslutta i det barna blir 18 år, og det er dermed fleire som går ut enn som kjem inn under omsorg, samtidig som talet i midten aukar noko.

Figur 2. Barn med omsorgstiltak frå barnevernet på slutten av året. 2013-2017

2013 2014 2015 2016 2017
0-5 år 1383 1434 1495 1436 1343
6-12 år 3312 3523 3726 3829 3842
13-17 år 3411 3612 3703 3815 3848

Tal for konklusjon av undersøkingar kan òg tyde på det same. I løpet 2016 var det klart færre undersøkingar som vart konkludert med krav om tiltak og omsorgsovertaking frå fylkesnemnda enn året før. Denne nedgangen held fram i 2017, men ikkje like sterkt.

 

Frå melding via undersøking til tiltak

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal sette i gang ei undersøking eller legge bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, sendast krav om tiltak og omsorgsovertaking til fylkesnemnda eller om ein skal legge bort saka.

Fleire meldingar vert undersøkte

Talet på meldingar til barnevernet auka med ein knapp prosent i 2017, etter ein sterk vekst året før. Det har dei siste åra vore ein reduksjon i delen av meldingane barnevernet mottek som blir lagde bort utan at barnevernstenesta startar ei undersøking. I 2017 vart knapt 17 prosent av alle meldingar lagde bort, 1 prosent mindre enn i 2016.

Figur 3. Meldingar til barnevernet i løpet av året etter konklusjon. 2013-2017

2013 2014 2015 2016 2017
Meldingar i alt 52553 52996 54396 58254 58580
Henlagt 10992 11029 10710 10340 9805
Til undersøking 41561 41967 43686 47914 48775

I 2017 var det over 4 prosent færre meldingar enn året før som gjaldt dei yngste barna i alderen 0–2 år. Det var ein liten auke i talet på meldingar i alle dei andre aldersgruppene.

Liten auke i talet på undersøkingar og tiltak

Som talet på meldingar har også talet på undersøkingar starta av barnevernet auka noko i 2017, med under 2 prosent, til vel 48 700 undersøkingar.

Vel 3 prosent fleire undersøkingar frå barnevernet vart avslutta og konkludert i 2017. Det var noko fleire undersøkingar som vart lagde bort, 59 prosent i 2017 jamfør 58 prosent i 2016.

I løpet av 2017 fekk 2 prosent fleire enn året før tiltak frå barnevernet, til saman 55 700 barn og unge 0–22 år. Det var barn som fekk hjelpetiltak som auka, medan talet på barn med omsorgstiltak i løpet av 2017 er noko redusert.

 

Kontakt