12788_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12788
Prisauke på energivarer
statistikk
2009-11-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. oktober 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisauke på energivarer

Prisoppgang på olje, gass og elektrisitet var hovudårsaka til at produsentprisindeksen gjekk opp 1,5 prosent frå september til oktober. Frå oktober i fjor til oktober i år fall produsentprisindeksen med 4,1 prosent.

Prisutviklinga for utvalde varegrupper. 2000=100

Produsentprisindeksen auka i alt med 1,5 prosent frå september til oktober. Ein prisoppgang innanfor utvinning av råolje og naturgass samt auka elektrisitetsprisar, er hovudforklaringa til den prisoppgangen. For industrien gjekk prisane ned i same periode.

Prisfall på eksportmarknaden

Prisane innanfor industri og bergverksdrift gjekk ned 0,4 prosent frå september til oktober, og prisnedgangen er størst på eksportmarknaden. Det har vore prisfall for både investerings-, konsum- og innsatsvarer.

Prisnedgangen for investeringsvarer kjem hovudsakeleg som ein følgje av reduserte priser på varer innanfor maskinindustri, samt dataindustri og elektrisk utstyrsindustri. Innanfor maskinindustri var prisnedgangen stort sett styrt av fallande heimemarknadsprisar på maskiner og utstyr til generell bruk.

Nedgangen i prisane på konsumvarer frå september til oktober kjem hovudsakeleg av fallende prisar i næringsmiddelindustri, tekstil-, beklednings- og lærvareindustri, samt møbelindustrien og annan industri. Prisfallet utgjer høvesvis 0,6, 0,2 og 0,5 prosent for desse næringane og er størst på eksportmarknaden. Konsumvarene har hatt fallande prisar tre månader på rad.

Innanfor innsatsvarer var det framfor alt metall samt papir- og papirvareprodukt som stod for mykje av prisnedgangen i oktober, der dei gjekk ned høvesvis 1,9 og 0,9 prosent. Prisnedgangen på innsatsvarer blei noko dempa av auka prisar innanfor kjemisk og farmasøytisk industri, samt trelast- og trevareindustri.

Produsentprisane ned 4,1 prosent siste tolv månader

Trass i ein oppgang i den siste månaden gjekk produsentprisindeksen ned 4,1 prosent frå oktober 2008 til oktober 2009. Prisane på energivarer, som har falle 7 prosent i perioden, utgjer hovudårsaka til nedgangen i totalindeksen. For innsatsvarer har prisane falle med 2,6 prosent dei siste tolv månadene, og det er oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri samt metallindustri som har medverka mest til nedgangen. Prisane på energivarer hadde størst nedgang på heimemarknaden, der prisane gjekk ned med 14,7 prosent i perioden.

Produsentprisindeks. 2000=100
  Oktober 2009 Endring i prosent
  September 2009-
oktober 2009
Oktober 2008-
oktober 2009
Totalindeks  176,6 1,5 -4,1
       
Utvinning av råolje og naturgass  214,3 2,8 -5,4
Industri og bergverksdrift  137,8 -0,4 0,7
Kraftforsyning  237,8 14,4 -41,6
       
Etter varetype      
Innsatsvarer  132,0 -0,1 -2,6
Investeringsvarer  124,6 -1,4 3,6
Konsumvarer  122,7 -0,6 2,8
Energivarer  212,3 2,6 -7,0

Se også informasjon om vareprisindeksen for industrinæringene .