12790_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12790
Prisfall på råolje og oljeprodukt
statistikk
2009-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. september 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisfall på råolje og oljeprodukt

Ein nedgang i oljeprisen samt reduserte prisar innanfor oljeraffinering og kraftforsyning var hovudårsaka til at produsentprisindeksen gjekk ned 6,0 prosent frå august til september. Frå september i fjor til september i år fall produsentprisane med 6,7 prosent.

Prisutviklinga for utvalde varegrupper. 2000=100

Produsentprisane fall med 6,0 prosent frå august til september. Det største prisfallet kjem frå eksportmarknaden. Et kraftig prisfall innanfor utvinning av råolje og naturgass samt reduserte elektrisitetsprisar er hovudforklaringa til den totale prisnedgangen. Prisen på råolje, Brent blend, gjekk ned 9,7 prosent frå førre månaden.

Nytt prisfall i industrien

Prisane for industri og bergverksdrift gjekk ned 2,3 prosent frå august til september. Nedgangen kjem hovudsakeleg som ei følgje av fallande priser på petroleumsprodukt, data og elektrisk utstyrsindustri, samt reduserte prisar innanfor næringsmiddelindustrien. Innanfor petroleums- og kolvareindustrien var prisfallet på 8,1 prosent. Her var dei siste tre månadene kjenneteikna av ei meir ustabil prisutvikling samanlikna med de fire førre månadene da prisane hadde ei jamn stigning. Innanfor næringsmiddelindustrien var prisnedgangen i hovudsak styrt av fallande prisar på fisk.

Dei fleste andre industrinæringar er prega av moderat prisendring frå august til september. Unntaket er metallindustri, der det var ein auke på 1,4 prosent. Innanfor den sistnemnde gruppa var det prisen på ikkje-jernhaldige metall som hadde størst innverknad.

Tolvmånadersendring: produsentprisane ned 6,7 prosent

Frå september 2008 til september 2009 gjekk produsentprisane ned med 6,7 prosent. Nedgangen skyldes i all hovudsak eit fall i prisane på utvinning av råolje og naturgass samt kraftforsyning, der dei blei reduserte med høvesvis 7,5 og 55 prosent.

Innanfor industri og bergverksdrift har det vore ein prisnedgang på 1,2 prosent i same periode. Her er det prisane innanfor petroleums- og kolvareindustrien og metallindustrien som har hatt størst innverknad, med fall på høvesvis 20,1 og 7,2 prosent. For dei andre delane av industrien har det vore vekst i prisane frå september i fjor til september i år.

Produsentprisindeks. 2000=100
  September 2009 Endring i prosent
  August 2009-september 2009 September 2008-september 2009
Totalindeks  174,0 -6,0 -6,7
       
Utvinning av råolje og naturgass  208,5 -9,2 -7,5
Industri og bergverksdrift  138,3 -2,3 -1,2
Kraftforsyning  207,8 -12,2 -55,0
       
Etter varetype      
Innsatsvarer  132,1 0,2 -2,9
Investeringsvarer  126,4 -0,7 6,6
Konsumvarer  123,4 -0,2 4,1
Energivarer  206,9 -9,1 -11,3

Sjå også informasjon om vareprisindeksen for industrinæringane .