12814_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12814
Prisoppgang i industrien
statistikk
2008-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. september 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisoppgang i industrien

Produsentprisindeksen (PPI) viser ein prisauke i norsk industri på 0,4 prosent frå august til september. Oljeprisane fall for andre månaden på rad.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Før eit fall frå juli til august hadde industriprisane i Noreg stige samanhengande sidan januar. Frå august til september steig prisane i industrien igjen, denne gongen med 0,4 prosent. På grunn av eit fall på 2,8 prosent i olje- og gassprisane gjekk likevel den samla produsentprisindeksen ned med 0,4 prosent.

Innanfor industrinæringane var det prisane i den kjemiske industrien som bidrog mest til oppgangen i prisindeksen. Her gjekk prisane opp med 3,8 prosent. Dette kjem av ein prisauke på 5,4 prosent på kjemiske råvarer. Prisane i denne delen av kjemikalienæringa har auka med over 4 prosent kvar av dei tre siste månadene.

Etter fleire månader med prisfall steig prisane på ikkje-jernhaldige metall med 0,9 prosent frå august til september. Saman med ein betydelig prisauke på rør av jern og stål førte dette til at prisane i metallindustrien gjekk opp med 1,3 prosent. Prisane på jern og stål har gått relativt kraftig opp det siste året, noko som etter kvart gir utslag for produkt som inneheld desse råvarene.

I næringsmiddelsindustrien steig prisane med 1,4 prosent. Spesielt prisane på kornvarer, fisk og fôr bidrog til oppgangen.

Prisane på raffinerte petroleumsprodukt fall med 2,1 prosent frå august til september, noko som mest sannsynleg må sjåast i samanheng med søkkande oljepris. Elles var det moderate prisnedgangar i dei næringane der prisane gjekk ned.

Elektrisitetsprisane gjekk opp med 26,0 prosent frå august til september, takka vere ei utjamning i prisforskjellane mellom landsdelane og lågare fyllingsgrad i vassmagasina.

Tolvmånadsvekst på 30,3 prosent

Sidan september i 2007 har PPI auka med heile 30,3 prosent. Den sterke veksten kjem i stor grad av prisane på energivarer. Prisane på råolje og naturgass steig 46,9 prosent på dei tolv månadene frå september i fjor til september i år, trass dei siste par månadenes prisfall. Gjennom den same perioden har elektrisitetsprisane gått opp med 177,4 prosent, og prisane på raffinerte petroleumsprodukt har stige med 28,0 prosent.

Prisvekst i oljeraffinering har bidrege til at prisane innanfor industri og bergverksdrift har auka med 9,5 prosent. Andre industrinæringar med relativt høg prisvekst gjennom dei tolv månadene er næringsmiddelindustrien, kjemisk industri og maskinindustrien, med prisaukar på 7,2, 15,1 og 6,6 prosent.

Prisutvikling i heimemarknaden

Produsentprisindeksen måler prisar på varer som er selde både til heimemarknaden og til eksport. Ser vi på heimemarknaden separat, er det også her ein ganske kraftig prisauke, trass i at olje- og gassprisane er av mykje mindre betyding her. Den totale indeksen for heimemarknaden viser ein prisauke på 24,0 prosent frå september i fjor til september i år.

I industrinæringane har prisane gått meir opp heime enn på eksportmarknaden. Dette kjem til ein viss grad av at ulike varer er viktigast for kvar av dei to marknadene. I metallindustrien viser for eksempel indeksen ein betydeleg større prisauke på heimemarknaden, der jern og stål er viktig, enn på eksporten, der ikkje-jernhaldige metall som aluminium er av stor betyding. Også i den kjemiske industrien har prisane auka meir på heimemarknaden enn i eksporten. Her er kjemiske råvarer viktigast heime, mens også farmasøytiske varer har ei viss betyding for eksporten.

Produsentprisindeks
  September 2008 Endring i prosent
  August 2008-
september 2008
September 2007-
september 2008
Totalindeks  178,8 -0,4 30,3
Olje- og gassutvinning  225,3 -2,8 46,9
Industri og bergverksdrift  140,5 0,4 9,5
Kraftforsyning  477,8 26,0  177,4

Sjå også informasjon om vareprisindeksen for industrinæringane .