12843_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12843
Nedgang for industriprisane
statistikk
2007-08-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. juli 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang for industriprisane

Prisindeksen for industri og bergverksdrift gjekk ned 1 prosent frå juni til juli. Ein auke i oljeprisen fikk likevel totalindeksen til å gå opp 0,4 prosent.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Fleire av underindeksane for industrigrupper gjekk ned frå juni til juli og førte til eit fall på 1,0 prosent i industriindeksen. Men med ein auke i oljeprisen på 5,6 prosent (Brent Blend, i norske kroner) steig indeksen for råolje og naturgass med 3,3 prosent. Dermed gjekk den totale produsentprisindeksen opp 0,4 prosent.

Fallet i industriindeksen kan i stor grad tilskrivast endringar i indeksane for raffinerte oljeprodukt og metall, sjølv om nokre andre underindeksar også gjekk ned. Metallindeksen auka kraftig i fjor og tidleg i år. Men etter ein topp i vårmånadene har den no gått ned to månader på rad. Endringa frå juni til juli var på -4,9 prosent. Prisane på nikkel på London Metal Exchange gjekk ned med heile 27,5 prosent, og prisane på aluminium fell også.

Etter ein våt sommar er fyllingsgraden i vassmagasina høgare enn normalt på denne tida av året. Dette har medverka til auka straumproduksjon og lågare prisar. Indeksen for elektrisitet gjekk ned 26,4 prosent frå juni til juli.

Indeksen for næringsmiddel og drikkevarar var så å seie uendra frå juni til juli. Prisane på trelast og varar av tre auka relativt kraftig i ein periode, men har nå vore ganske stabile i nokre månader. Prisindeksen for desse varane gjekk opp med 0,3 prosent.

Årsnedgang på 4,2 prosent

Den totale produsentprisindeksen var 4,2 prosent lågare i juli enn i den same månaden i fjor. Det er energiprisane som er den viktigaste årsaka til fallet i indeksen. Indeksen for råolje og naturgass har gått ned 7,0 prosent, medan elektrisitetsindeksen har stupt heile 59,7 prosent på eitt år.

Etter den siste månadens fall i prisane var metallindeksen 8,4 prosent lågare i juli i år enn i fjor. Det er den lågaste tolvmånadersendringa for denne underindeksen sidan november 2005. Perioden med høg prisstigning på trelast og trevarer har gjort seg synleg i denne indeksen sidan juli i fjor, med ein oppgang på 18,1 prosent.

Produsentprisindeks
  Juli 2007 Endring i prosent
  Juni 2007-juli 2007 Juli 2006-juli 2007
Totalindeks  138,0 0,4 -4,2
Olje- og gassutvinning  157,0 3,3 -7,0
Industri og bergverksdrift  128,8 -1,0 3,9
Kraftforsyning  122,5 -26,4 -59,7
Vareprisindeks for industrinæringane
  Juli 2007 Endring i prosent
  Juni 2007-juli 2007 Juli 2006-juli 2007
Totalindeks  144,1 0,4 -4,2
Olje- og gassutvinning  157,0 3,3 -7,0
Industri og bergverksdrift  129,1 -1,0 3,9
Kraftforsyning  118,5 -26,4 -59,7