12473_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12473
Totalindeksen opp 1,6 prosent
statistikk
2006-01-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. desember 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Totalindeksen opp 1,6 prosent

Totalindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverk og kraftforsyning steig med 1,6 prosent frå november til desember. Viktigast for oppgangen var auken i prisen på olje og gass på 2,4 prosent og elektrisitet med 7,2 prosent. Industrien hadde ein moderat auke i prisane på 0,6 prosent.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

I industrien hadde metall ein prisauke på 7,3 prosent. Her var det "ikkje-jernhaldige metall og halvfabrikata" som hadde den største auken på heile 8,8 prosent. Dei andre industrinæringane hadde mindre endringar.

Gruppert etter varetype auka prisane på energivarer og innsatsvarer med høvesvis 2,1 og 2,6 prosent, medan prisane på konsumvarer og investeringsvarar gjekk ned med høvesvis 0,5 og 0,2 prosent.

Tolvmånadersendringa: Energiprisane opp 42,7 prosent

Produsentprisindeksen totalt har gått opp 24,3 prosent sidan desember 2004. Ei viktig årsak til dette er auken i prisane på energivarar. Råolje og naturgass er no 45,1 prosent høgare enn for eit år sidan medan raffinerte petroleumsprodukt har ein oppgang på 45,6 prosent. Elektrisitetsprisen har auka med 5,6 prosent dei siste tolv månadene.

I Industrien har "ikkje-jernhaldige metall og halvfabrikata" hatt ein auke på 19,9 prosent. For dei andre metalla har det derimot vore ein nedgang. Den største nedgangen har vi for elektroteknisk og optisk industri med ein nedgang på 3,7 prosent det siste året.

Gruppert etter varetype har konsumvarer ein oppgang på 3,7 prosent. Innsatsvarer og investeringsvarer har ei endring på høvesvis 4,5 og 1,3 prosent.

Prisane på heimemarknaden har auka med 8.5 prosent dei siste tolv månadene. Denne auken er mindre enn den totale auken for heime- og eksportprisane grunna oljeprisen sin sterke vekting på eksportmarknaden.

Produsentprisindeks. 2000=100
  Desember 2005 Endring i prosent
  November 2005-
desember 2005
Desember 2004-
desember 2005
Totalindeks  127,0 1,6 24,3
Olje- og gassutvinning  144,8 2,4 45,1
Industri og bergverksdrift  114,4 0,6 8,7
Kraftforsyning  218,2 7,2 5,6

Vareprisindeks for industrinæringane

Som meldt tidlegare, blir artiklane til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane samkjørte. Begge undersøkingane vil mellombels halde fram med heimesidene sine - www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi. På grunn av avrunding og nivåforskjell mellom indeksane, kan det bli mindre avvik i månadsendringane i dei to indeksane. Det er ikkje tilført ny informasjon til vareprisindeksen i siste periode.

Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100
  Desember 2005 Endring i prosent
  November 2005-
desember 2005
Desember 2004-
desember 2005
Totalindeks  132,7 1,7 24,3
Olje- og gassutvinning  144,8 2,4 45,1
Industri og bergverksdrift  114,6 0,6 8,7
Kraftforsyning  211,1 7,2 5,6