12519_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12519
Oppsving i oljeprisane
statistikk
2005-02-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksenjanuar 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Oppsving i oljeprisane

Etter eit prisfall på råolje (Brent Blend) i desember 2004 auka råoljeprisen frå 246,00 til 275,40 kroner per fat - ein oppgang på 11,9 prosent frå desember 2004. Sterk etterspørsel frå Kina og USA var bakgrunnen for oppgangen. Også industriprisane gjekk opp siste månad - her var oppgangen på 1,1 prosent.

Innanfor olje- og gassutvinning gjekk prisane opp 9,5 prosent frå desember til januar. Ifølgje tal frå London Spot Markets (LSM) gjekk prisen på råolje (Brent Blend) opp 11,9 prosent i denne perioden. Sterk auke i etterspørselen frå Kina og USA er hovudforklaringa bak oppgangen i oljeprisane. Oppgangen i oljeprisane var hovudårsaka til at totalindeksen gjekk opp 4,4 prosent frå desember til januar.

Industriprisane gjekk òg opp siste månad - med 1,1 prosent. Raffinerte oljeprodukt og metall medverka til oppgangen med prisauke på høvesvis 5,7 og 2,4 prosent.

Ifølgje Nordpool sokk spotprisen på straum med 11,3 prosent frå desember til januar, og var i januar 2005 på sitt lågaste nivå sidan februar 2002.

Gruppert etter varetype auka prisen på energivarer med 7,8 prosent, medan konsumvarene gjekk ned 0,5 prosent.

Tolvmånadersendring: Låg prisutvikling i industrien

Industriprisane gjekk opp 4,7 prosent samanlikna med januar 2004. Dette er den lågaste tolvmånadersendringa for industrien sidan mars 2004, og har samanheng med prisfall på metall og raffinerte oljeprodukt i desember og november i 2004.

Totalindeksen for olje- og gassutviklinga var 23,8 prosent høgare enn i januar 2004. Oljeprisane (Brent Blend) auka 44,0 prosent i denne perioden, medan straumprisane gjekk ned 24,1 prosent. Gruppert etter varetype viste energivarene ein oppgang på 19,3 prosent, medan konsumvarene auka 1,6 prosent.

Produsentprisindeks. 2000=100
          Januar 2005 Endring i prosent
          Desember 2004-
januar 2005
        Januar 2004-
januar 2005
Totalindeks  106,7 4,4 11,7
Olje- og gassutvinning  109,3 9,5 23,8
Industri og bergverksdrift  106,5 1,2 4,7
Kraftforsyning  182,6 -11,7 -18,5

Vareprisindeks for industrinæringane

Som meldt tidlegare, blir artiklane til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane samkjørte. Begge undersøkingane vil midlertidig halde fram med heimesidene sine - www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi. På grunn av avrunding og nivåforskjell mellom indeksane, kan det bli mindre avvik i månadsendringane i dei to indeksane. Det er ikkje tilført ny informasjon til vareprisindeksen i siste periode.

Oppdaterte vekter for 2005

Vi har oppdatert vektene våre med nye ferdigstilte tal frå Nasjonalrekneskapet 2003. Nye vekter for 2005 viser at industri og kraftforsyning avgjer vekta til oljeutvinninga. Innanfor industrien får metallprisane større innverknad, medan elektronisk og optisk industri mister vekt.

På heimemarknaden er utviklinga tilsvarande for desse gruppene. I tillegg får raffinerte oljeprodukt mindre betydning.

Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100
  Januar 2005 Endring i prosent
          Desember 2004-
januar 2005
        Januar 2004-
januar 2005
Totalindeks  111,5 4,4 11,8
Olje- og gassutvinning  109,3 9,5 23,8
Industri og bergverksdrift  106,7 1,2 4,8
Kraftforsyning  176,7 -11,6 -18,5