12559_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12559
Auka prisar på metall og kjemikaliar
statistikk
2004-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. februar 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka prisar på metall og kjemikaliar

Totalindeksen gjekk opp 0,7 prosent frå januar til februar. Industriprisane gjekk samla opp 0,7 prosent, mykje på grunn av høgare prisar på metall og kjemikaliar.

Som i førre månad aukar prisen innanfor dei fleste av industrigrupperingane også frå januar til februar. Den største oppgangen fann stad innanfor metallindustrien, som gjekk opp 4,5 prosent frå førre månad. Dei ikkje-jernhaldige metalla steig 4,4 prosent i same periode. I kjemisk industri steig prisane med 2 prosent, medan dei kjemiske råvarene auka 2,8 prosent. Dei einaste næringane der prisane fall var oljeraffinering og treforedling, der prisane gjekk ned høvesvis 1,3 og 0,7 prosent.

Prisane innanfor olje- og gassutvinning auka 1,1 prosent, medan kraftprisane gjekk ned 1,7 prosent. Etter varetype gjekk konsumvarene opp 0,5 prosent, medan prisen på energivarene steig 0,6 prosent.

12-månadsendring: 3,0 prosent prisvekst i industrien

Samanlikna med februar i fjor har industriprisane auka 3,0 prosent. Denne perioden er sterkast prega av metallprisane som har auka med 24,8 prosent og er med dette gruppa som yter desidert mest til auken i industriprisane. Prisane i dei fleste næringane har auka, deriblant kjemiske varer som no er 4,2 prosent høgare enn for eit år sia. Nedgangen i prisen på raffinerte oljeprodukt siste månad, kombinert med vekst i same periode i fjor har ført til at prisane i denne næringa no er 9,2 prosent lågare enn i februar i fjor. 12-månadsendringa for denne gruppa var 1,0 prosent i januar.

Gruppert etter varetype viste innsatsvarer ein oppgang på 7,3 prosent. Prisane på energivarer er no 6,6 prosent lågare enn for eit år tilbake, medan konsumvarer har auka 1,8 prosent.

Produsentprisindeksen totalt har gått ned med 1,3 prosent sia februar 2003. Den største nedgangen står kraftforsyninga for, der prisane no er 31,1 prosent lågare enn i fjor. Innanfor olje- og gassutvinning har prisane gått ned 4,3 prosent siste 12 månadene.

Produsentprisindeks. 2000=100
  Februar 2004 Endring i prosent
  Januar 2004-
februar 2004
Februar 2003-
februar 2004
Totalindeks 96,2 0,7 -1,3
Olje og gassutvinning 89,3 1,1 -4,3
Industri og bergverksdrift  102,3 0,6 2,9
Kraftforsyning  220,3 -1,7 -31,1

Vareprisindeks for industrinæringane

Som meldt tidlegare, blir artiklane til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane kjørte saman. Begge undersøkingane vil førebels behalde heimesidene sine- www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi. På grunn av avrunding og nivåforskjellen mellom indeksane kan det førekomme mindre avvik i månadsendringane i dei to indeksane. Det er ikkje tilført noko nytt materiale til vareprisindeksen i siste periode.

Vareprisindeks for industrinæringane. 2000=100
  Februar 2004 Endring i prosent
  Januar 2004-
februar 2004
Februar 2003-
februar 2004
Totalindeks  100,5 0,8 -1,3
Olje og gassutvinning 89,3 1,1 -4,3
Industri og bergverksdrift  102,5 0,7 3,0
Kraftforsyning  213,1 -1,7 -31,1

Nye vekter og ein desimal frå januar 2004

Produksjonstala i nasjonalrekneskapen er utgangspunkt for utarbeidinga av vekter til produsentprisstatistikkane. Vekter for 2004 er no innarbeidd og fører til nokre endringar i balansen mellom gruppene i indeksen. Totalt er vektene i industrien omtrent som i fjor. Olje- og gassutvinning går noko ned, medan kraftforsyningsprisane får meir tyngde i indeksen. Innanfor industrien blir raffinerte oljeprodukt viktigare, medan mellom anna vektene for næringsmiddel og treforedling går ned.

Frå og med publiseringa av januar 2004 blir indeksane publiserte med ein desimal - i motsetning til tidlegare frigiving med to desimalar. Årsaka til endringa er at to desimalar kan gi eit overdrive inntrykk av presisjonen til estimata som ikkje blir noko dårlegare med ein desimal. I tillegg ønskjer vi å harmonisere med vanleg praksis - som er ein desimal.