12603_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12603
Høgare prisar innanfor oljeraffinering
statistikk
2003-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. februar 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare prisar innanfor oljeraffinering

Industriprisane gjekk opp 1,6 prosent frå januar til februar. Høgare prisar innanfor oljeraffinering, kjemisk industri og metallindustri var årsaka til denne utviklinga.

Prisane på oljeraffinerte produkt gjekk opp med 9,8 prosent frå januar til februar 2003. Ifølgje London Spot Market gjekk prisane på blyfri bensin og tung fyringsolje opp 12,1 og 2,7 prosent frå januar i år. Elles var det ein oppgang innanfor kjemisk industri og metallindustri på 2,5 og 2,8 prosent.

Gruppert etter varetype har energivarer hatt ein prisauke på 3,1 prosent. Prisane på innsatsvarer og investeringsvarer gjekk opp med 0,9 og 0,6 prosent, mens konsumvarer viste minimale endringar.

På heimemarknaden viste industriprisane ein auke på 0,9 prosent. Utviklinga er prega av høgare prisar innanfor oljeraffineringa og nærings- og nytingsmiddelindustrien.

Tolvmånadersendring, februar 2002 til februar 2003

Innanfor industrien har prisane gått opp med 2,3 prosent samanlikna med februar i 2002. Utviklinga er prega av høgare prisar innanfor oljeraffineringa på 36 prosent, som blei motverka av ein nedgang i metallvareindustrien og nærings- og nytingsmiddelindustrien på 7,4 og 1,7 prosent. Treforedlinga medverka også til å dempe den totale prisoppgangen.

Gruppert etter varetype var prisane på energivarer 25,2 prosent høgare i februar enn på same tid i fjor, mens innsatsvarene hadde ein nedgang på 2,1 prosent.

Produsentprisindeks. 2000=100
  Februar 2003 Endring i prosent
  Januar-februar 2003 Februar 2002-februar 2003
Totalindeks 97,45 1,9 11,9
Olje- og gassutvinning 93,31 4,0 19,8
Industri og bergverksdrift 99,36 1,6 2,2
Kraftforsyning  319,85 -17,8 80,3