12623_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12623
Høgare prisar innanfor oljeraffinering
statistikk
2002-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. september 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare prisar innanfor oljeraffinering

Prisane i industrien gjekk opp med 1,1 prosent frå august til september. Høgare prisar innanfor oljeraffinering var hovudårsaka til denne utviklinga.

Det sterkaste bidraget til oppgangen i industrien kom frå oljeraffinering, der prisane gjekk opp 6,1 prosent. Elles var det ein oppgang innanfor kjemisk industri på 3,7 prosent, mens prisane innanfor metallindustrien auka med 0,8 prosent. I motsett retning trekte næringsmiddelindustrien, der prisane gjekk ned 0,2 prosent.

Gruppert etter varetype har energivarer hatt ein prisauke på 5,5 prosent. Prisane på innsatsvarer og konsumvarer gjekk opp 0,8 og 0,1 prosent, mens investeringsvarer ikkje hadde noko endring.

12-månadsendring: 2,7 prosent lågare prisar i industrien

Innanfor industri har prisane gått ned 2,7 prosent samanlikna med september i 2001. Denne utviklinga kjem i stor grad av ein nedgang på 13,5 prosent i prisane innanfor metallindustrien, samt ein nedgang på 12,1 prosent på raffinerte oljeprodukt.

Etter varetype var prisane for energivarer 4,0 prosent lågare, mens innsatsvarer har hatt ein nedgang på 4,7 prosent.

Utviklinga i 12-månadsendringa

12-månadsendringa for industrien gjekk frå -3,6 prosent i august til -2,7 prosent i september, mens prisane på raffinerte oljeprodukt fall frå -15,3 til -12,1 prosent. Tendensen i prisutviklinga i industrien er også prega av utviklinga i kjemisk industri, treforedlingsprodukt og produkt frå metallindustrien.

12-månadsendringa til nærings- og nytingsmiddelindustrien fortsett å gå ned og var i september negativ for fyrste gong sidan 2000.

Produsentprisindeks. 2000=100
  September 2002 Endring i prosent
  August 2002-september 2002 September 2001-september 2002
Totalindeks 92,76 3,2 -5,0
Olje- og gassutvinning 89,63 5,0 -4,1
Industri og bergverksdrift 97,69 1,1 -2,7
Kraftforsyning  160,85 13,8 12,8