12744_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12744
Framleis vekst i oljeprisen
statistikk
2000-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. februar 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis vekst i oljeprisen

Oljeprisen auka med om lag 11 prosent (målt i kroner) frå januar til februar. Saman med ein auke på 0,7 prosent innanfor industrien førte dette til at totalindeksen steig med 1,1 prosent frå januar. 12-månadersauken (februar 1999 til februar 2000) vart 8,1 prosent.

Uvissa om OPEC verkeleg vil auke produksjonen fører til at oljeprisen framleis held seg høg. Signala frå OPEC er tvitydige, noko som kan spegle ein intern dragkamp i OPEC både om framtidig oljepris og leiarskap.

Gjennomsnittsprisen på Brent Blend vart i februar 226 kroner. Stigande valutakurs bidrog til noko av auken i oljeprisen. Sett i forhold til botnnivået for eit år sidan har prisen stige med om lag 190 prosent. Gruppa oljeutvinning og bergverksdrift hadde ein auke på 4,9 prosent i perioden januar til februar. I same periode i fjor fall denne gruppeindeksen, noko som bidrog til at 12-månadersauken gjekk frå 48,5 prosent i januar til 57,9 prosent i februar.

Industrien sine prisar opp

Prisane til industrien heldt fram den sterke stigninga frå førre periode, og gjekk også denne månaden opp med 0,7 prosent. Bortsett frå produksjon av trevarer viste alle dei andre gruppene vekst. Størst bidrag kom frå gruppene produksjon av metall og treforedling og grafisk produksjon og forlagsverksemd, som steig med høvesvis 3,5 og 1,4 prosent. Industrien sin 12-månadersauke vart 4,3 prosent.

Produsentprisindeks. 1981=100
    Endring i prosent
  Februar 2000 Januar 2000-februar 2000 Februar 1999-februar 2000 Desember-februar 1999-2000 - desember-februar 1998-1999
Totalindeks 175,7 1,1 8,1 7,4
Oljeutvinning og bergverksdrift 129,5 4,9 57,9 52,6
Industri 180,4 0,7 4,3 3,8
Produksjon av næringsmidlar, drikkevarer og tobakksvarer 202,9 0,1 -0,7 -0,6
Produksjon av tekstilvarer, bekledningsvarer, lær- og lærvarer 159,6 0,1 0,4 0,4
Produksjon av trevarer 189,2 -0,1 1,9 1,9
Treforedling, grafisk produksjon og forlagsverksemd 207,6 1,4 4,5 3,6
Produksjon av kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt 146,3 0,8 19,1 17,4
Produksjon av mineralske produkt 216,8 0,4 1,6 1,6
Produksjon av metall 145,9 3,5 8,5 6,9
Produksjon av verkstadprodukt 190,7 0,5 1,2 1,1