12348_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12348
Reduserte råvareprisar
statistikk
2009-11-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. oktober 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Reduserte råvareprisar

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands gjekk ned 0,2 prosent frå september til oktober. Hovudårsaka kan tilskrivast prisfall på ikkje-etelege råvarer, medan ein kraftig auke i prisen på elektrisitet bidrog til å dempe fallet.

;>Prisutvikling for utvalgte varegrupper. 2000=100

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands gjekk framleis ned frå september til oktober, noko som er det andre prisfallet på rad. Nedgangen kjem i all hovudsak av prisen på ikkje-etelege råvarer, som fall for første gong på seks månader. Nedgangen innanfor denne varegruppa var også det største som er målt på elleve månader. Det var prisen på malmar og avfall av metall som påverka mest, med eit fall på 11,6 prosent.

Eit prisfall på maskiner og transportmiddel på 1,2 prosent hadde også ein stor innverknad på totalindeksen. Med unntak av ein liten prisoppgang frå juni til juli i år, har prisen på maskiner og transportmiddel falle jamt frå januar 2009. Da var prisene på sitt hittil høgaste nivå.

Prisen på bearbeidde varer gruppert etter materiale fall med 0,8 prosent frå førre månad, noko som i all hovudsak kjem av eit fall i prisen på metall unntatt jern og stål.

Prisfall var det også i dei andre varegruppene, med unntak av matvarer, drikkevarer og tobakk samt brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum. Innanfor sistnemnde gruppa auka prisen med 4,0 prosent på grunn av høgare straumprisar og høgare priser på mineralolje og mineraloljeprodukt.

Ein auke i straumprisen på 14,5 prosent frå september til oktober kjem av mindre tilsig i kraftmagasina, kombinert med kaldare vêr, noko som har ført til auka kraftforbruk.

Billegare import kjem av styrka kronekurs

Den importvege valutakursindeksen frå Noregs bank (I-44) viser at den norske krona steig i verdi for tredje månad på rad. Dette kan i sin tur ha medverka til at importerte varer fell i pris.

I-44 er berekna på grunnlag av verdien av den norske krona mot valutaene til Noregs viktigaste handelspartnar, og er basert på kursane til 44 land.

Fortsatt nedgang i tolvmånadersraten

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands blei redusert med 2,5 prosent frå oktober 2008 til oktober 2009. Nedgangen kom i all hovudsak av fallande prisar på brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum. Her var det prisen på elektrisitet som hadde størst innverknad, med ein nedgang på 41,6 prosent. Prisen på kjemiske produkt fall med 6,0 prosent i same periode, mest på grunn av ein nedgang i prisen på uorganiske kjemiske produkt. Andre varegrupper som bidrog sterkt til prisfall i denne tolvmånadersperioden, var bearbeidde varer og råvarer (ikkje-etelege), eksklusive brenselstoff, med ein reduksjon på høvesvis 2,8 og 4,4 prosent.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  Oktober 2009 Endring i prosent
  September 2009-
oktober 2009
Oktober 2008-
oktober 2009
Totalindeks  130,5 -0,2 -2,5
Matvarer og levande dyr  124,5 0,1 4,1
Drikkevarer og tobakk  136,1 0,3 7,7
Råvarer (ikkje-etelege) ekskl. brenselsstoff  114,6 -5,0 -4,4
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum  174,3 4,0 -16,3
Kjemiske produkt  126,3 -0,6 -6,0
Bearbeidde varer  123,2 -0,8 -2,8
Maskiner og transportmiddel  104,5 -1,2 1,1
Forskjellige ferdige varer  108,4 -0,6 2,2