12350_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12350
Prisnedgang på olje og elektrisitet
statistikk
2009-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. september 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisnedgang på olje og elektrisitet

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands fall 1,5 prosent frå august til september. Kraftig nedgang i prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt samt elektrisk straum hadde størst innverknad på den samla nedgangen.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Medan prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands (PIF) auka den førre månaden, fall han med 1,5 prosent frå august til september. Prisane på mineraloljeprodukt, som har svinga mykje dei siste månadene, utgjorde det viktigaste bidraget til både auken den førre månaden og nedgangen denne månaden. Sjølv om prisane fall 7,3 prosent frå august til september, er prisindeksen for mineraloljeprodukt om lag på same nivå som i juli.

12 prosent lågare pris på elektrisk straum utgjorde også eit viktig bidrag til nedgangen i vareprisane samla sett. Spotprisen på elektrisk straum har minka samanhengande sida juni.

Prisane på matvarer gjekk ned 1 prosent frå august til september. Hovudårsaka til denne nedgangen var lågare prisar på fisk samt frukt og grønsaker, med ein reduksjon på høvesvis 3,2 og 5,8 prosent. Begge desse varegruppene opplevde prisnedgang også den førre månaden, men denne månadens nedgang var kraftigare.

Tolvmånadersendring: 3,8 prosent lågare prisar

Frå september 2008 til september 2009 gjekk PIF ned 3,8 prosent. Kraftig prisnedgang på mineraloljeprodukt og elektrisk straum utgjorde også her den viktigaste årsaka til nedgangen i denne tolvmånadersperioden, med høvesvis 22 og 55 prosent lågare prisar. Elektrisitetsprisane i september 2008 var dei høgaste som vart registrerte i løpet av dei tre haustmånadene i fjor.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
  September 2009 Endring i prosent
  August 2009-september 2009 September 2008-september 2009
Totalindeks  130,7 -1,5 -3,8
Matvarer og levende dyr  124,4 -1,0 3,9
Drikkevarer og tobakk  135,7 -0,1 8,1
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer  120,6 7,3 -0,7
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm  167,6 -7,8 -28,3
Kjemiske produkter  127,1 -0,9 -3,3
Bearbeidede varer  124,2 -0,2 -1,6
Maskiner og transportmidler  105,8 -0,4 3,4
Forskjellige ferdige varer  109,1 -0,3 3,9