12364_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12364
Prisfall i dei fleste varegruppene
statistikk
2009-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. februar 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisfall i dei fleste varegruppene

Prisnedgang i dei fleste varegruppene trekte prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands ned 1,5 prosent frå januar til februar. To unntak var prisauke på matvarer og kjemiske produkt.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands enda på 127,1 i februar, noko som er ein nedgang på 1,5 prosent frå januar til februar. Årsaka til nedgangen var reduserte prisar i dei fleste varegruppene.

Råvarer og brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum opplevde kraftig prisnedgang, med høvesvis 4,2 og 6 prosent lågare priser i februar. Blant råvaregruppene var prisutviklinga noko ulik, men det var i hovudsak lågare prisar på tømmer, trelast og kork, samt malmar og avfall av metall som trekte ned. Gruppa brenselstoff, smørjeoljer og elektrisk straum blei drege ned av 12,6 prosent lågare pris på elektrisitet og 4,3 prosent lågare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt.

Også gruppene tilverka varer og maskinar og transportmiddel viser prisnedgang frå januar til februar. Maskinar og transportmiddel har elles vore prega av ein samanhengande prisoppgang sia juni i fjor.

Høgare matvareprisar

Medan totalindeksen viser ein nedgang frå januar til februar, har prisane på matvarer og kjemiske produkt auka med høvesvis 1,3 og 0,9 prosent. Auken i matvareprisane har halde fram sia oktober i fjor, men har vore kraftigare sia desember. Prisauken på matvarer frå januar til februar kjem av høgare prisar innafor alle undergruppene forutan grønsaker og frukt. Blant undergruppene var prisauken kraftigast på korn og kornvarer (opp 3,4 prosent) og meierivarer og egg (opp 3,1 prosent).

Lågare tolvmånadersvekst

Frå februar 2008 til same månad i år gjekk prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands opp med 0,3 prosent. Ein auke i matvareprisane på 7,1 prosent sia februar 2008 bidrog til å halde tolvmånadersendringa positiv.

Prisane for råvarer og brenselsstoff, smøreoljer og elektrisk straum gjekk ned med høvesvis 14,1 og 16,9 prosent frå februar 2008 til februar 2009. Dette bidrog til å trekkje tolvmånadersendringa i totalen ned. Begge desse varegruppene er prega av kraftigare prisnedgang frå februar 2008 til februar 2009 enn det som var gjeldande mellom januar 2008 og januar 2009.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
  Februar 2009 Endring i prosent
  Januar 2009-februar 2009 Februar 2008-februar 2009
Totalindeks  127,1 -1,5 0,3
Matvarer og levende dyr  123,8 1,3 7,1
Drikkevarer og tobakk  131,9 0,3 8,6
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer  106,9 -4,2 -14,1
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm  152,1 -6,1 -16,9
Kjemiske produkter  126,5 0,9 11,5
Bearbeidede varer  122,8 -1,0 3,3
Maskiner og transportmidler  106,8 -0,2 5,3
Forskjellige ferdige varer  109,4 -0,4 5,9