12382_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12382
Moderate prisendringar med nokre unntak
statistikk
2008-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. mai 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Moderate prisendringar med nokre unntak

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands auka med 0,4 prosent frå april til mai. Dei fleste varer hadde ein moderat prisendring, men prisen på petroleumsprodukt auka kraftig og prisen på elektrisk straum vart kraftig redusert.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands, som måler prisendringar på importerte og norskproduserte varer selde i Noreg innanfor industri- og matvarenæringane, auka med 0,4 prosent frå april til mai. Varegruppa ikkje-etelege råvarer unntatt brenselstoff var den einaste av dei overordna varegruppene i indeksen kor prisane endra seg med meir enn 1 prosent. Her steig prisane med 1,1 prosent, mest takka vere ein prisauke på 3,5 prosent på malmar og avfall av metall.

Prisane på brenselstoff, smøreoljer og elektrisk straum gjekk opp med 0,9 prosent. Innanfor denne varegruppa trakk oljeprodukt og straum i kvar sin retning, med ganske kraftige endringar: Prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt steig med 11,6 prosent, medan prisane på elektrisk straum sank med heile 32,4 prosent. Blant anna dieselprisane bidrog til auken i indeksen for oljeprodukt. På grunn av problem med overføring av straum både mellom ulike delar av landet og frå Noreg til utlandet fall straumprisane klart meir i Sør-Noreg enn i andre delar av landet.

Matvareprisane steig med 0,3 prosent frå april til mai. Her gjekk prisane på grønsaker og frukt opp med 2,5 prosent, medan prisane på fisk sank med 0,8 prosent.

Tolvmånadersendring: Prisane auka 8,1 prosent

Frå mai i fjor til mai i år gjekk prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands opp med 8,1 prosent. Prisane på brenselstoff, smøreoljer og elektrisk straum medverka betydeleg til oppgangen, prisane steig samla med 37,7 prosent dei siste tolv månadene. Jamført med same månad i fjor var prisane på petroleumsprodukt (mineralolje og mineraloljeprodukt) heile 44,7 prosent høgare i mai. Trass i prisfallet frå april til mai var straumprisen 17,2 prosent høgare i mai enn tolv månader tidlegare. Tolvmånadersendringa i denne prisen var på 65,6 prosent i april, så prisfallet frå april til mai tok inn igjen mye av den store prisauken frå i haust.

Prisane på ikkje-etelege råvarer unntatt brenselstoff gjekk ned med 8,1 prosent på dei tolv månadene frå mai i fjor til mai i år. Dette kjem i stor grad av at prisane på malmar og avfall av metall fall med 23,6 prosent i denne perioden.

Matvareprisane var 3,5 prosent høgare i mai i år enn i mai i fjor. Spesielt prisane på grønsaker og frukt har auka betydeleg i denne perioden, med 25,2 prosent. Også prisane på korn- og kornvarer og meierivarer og egg steig. Her gjekk prisane opp med 9,3 og 5,9 prosent. Samtidig fall fiskeprisane med 8,3 prosent.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
  Mai 2008 Endring i prosent
  April 2008-mai 2008 Mai 2007-mai 2008
Totalindeks  128,4 0,4 8,1
Matvarer og levende dyr  116,4 0,3 3,5
Drikkevarer og tobakk  121,9 0,3 4,4
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer  124,9 1,1 -8,1
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm  192,0 0,9 37,7
Kjemiske produkter  115,2 -0,1 3,3
Bearbeidede varer  122,1 0,3 5,5
Maskiner og transportmidler  100,9 0,0 -0,5
Forskjellige ferdige varer  103,5 0,5 -0,3