12414_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12414
Prisfall på energivarer
statistikk
2007-02-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. januar 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisfall på energivarer

Prisindeksen for førstegongsomsetning gjekk ned 0,9 prosent frå desember 2006 til januar 2007. Lågare prisar på energivarene medverka sterkast til fallet i indeksen. Kjemiske produkt viste òg ein nedgang i prisane, mens prisoppgang på råvarer og matvarer motverka prisfallet.

Prisane på brenselstoff, smørjeolje og straum gjekk ned med 9,6 prosent. Prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt viste i motsetning til den førre månaden ein nedgang. Dette kjem av høgare oljelager enn på same tid i fjor, i tillegg til mildvêret. Varm vinter dei fyrste vekene av januar gjorde at prisane på straum heldt fram med å falle også den månaden.

Råvarene hadde ein prisauke i januar på 6,3 prosent. Dette kjem av prisstigning på tømmer og trelast og malmar og avfall av metall. Tømmer og trelast hadde ein markant prisauke på 5,2 prosent. Dette kjem av stor etterspurnad etter trelast og har si årsak i ein sterk vekst i byggjebransjen.

Prisane på matvarer gjekk òg opp. Dette kjem av høgare prisar på fisk, grønsaker og frukt.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Tolvmånadersendring, januar 2006 til januar 2007: Svak prisoppgang på 0,5 prosent

Frå januar 2006 til den same månaden i år har prisindeksen auka med 0,5 prosent. Dette har si årsak i ein prisauke innanfor alle varegruppene, unnateke energivarer og ferdigvarer. Matvarene auka med 4,9 prosent, og dette kjem spesielt av høgare prisar på fisk og dyrefôr. Også råvarene medverka til oppgangen med ein prisauke på 26,2 prosent, noko som har si årsak i høg prisauke på malmar og avfall av metall. Energivarene viste ein kraftig nedgang jamført med i fjor, og motverka prisoppgangen i tolvmånadersendringa.

Endra vekter i indeksen

Prisindeksen blir rekna ut som eit vege snitt av observerte prisendringar. Vektene som blir nytta skal gi uttrykk for ulike næringar sin del i norsk industriproduksjon og import. For at dei, og indeksen, skal gi eit mest mogeleg riktig bilete av den skiftande næringsstrukturen, blir vektene fornya kvart år og innførte i utrekninga frå januar. Vektene for 2007 skil seg ikkje tydeleg frå dei for 2006. På grunn av dei høge energiprisane i 2006 har påverkinga frå energivarer auka noko. Kjemiske produkt har også auka sin del. Dei tilsvarande nedgangane kjem mest i delane til matvarer, maskinar og råvarer.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  Januar 2007 Endring i prosent
  Desember 2006-
januar 2007
Januar 2006-
januar 2007
Totalindeks  116,2 -0,9 0,5
Matvarer og levande dyr  112,7 1,2 4,9
Drikkevarer og tobakk  115,4 -0,4 0,9
Råvarer (ikkje-etande) ekskl. brenselsstoff  123,4 6,3 26,2
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum  132,6 -9,6 -15,5
Kjemiske produkt  109,0 -0,2 2,5
Bearbeidde varer  113,6 0,9 5,5
Maskiner og transportmiddel  101,8 1,0 0,6
Forskjellige ferdige varer  102,2 -0,1 -0,7