12422_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12422
Billegare matvarer
statistikk
2006-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. september 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Billegare matvarer

Prisane på matvarer og levande dyr gjekk ned 1,5 prosent frå august til september. Saman med ein prisnedgang på mineralolje og mineraloljeprodukt på 10,4 prosent, førte dette til at totalindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk ned 1,3 prosent.

I samband med endra metodar for utarbeiding av prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands (PIF) i 2000 oppstod ein utilsikta inkonsistens i dei publiserte indeksseriane. SSB har no retta opp denne. Sjå Nivåendring i PIF for ein forklaring av situasjonen og tiltaka som er gjort. Konsekvensar og tiltak i samband med nettkalkulatoren for PIF kan du lese om i Justering av kalkulatoren for PIF .

Det er igjen rørsle i prisane på energivarer. Prisane på olje og oljeprodukt gjekk mykje ned i september, mens prisen på elektrisk straum berre fall med 0,9 prosent. Det var óg eit fall i prisane for matvaregruppene, unnateke meierivarer og kjøtvarer. Spesielt frukt og grønsaker hadde ein markant nedgang med 7 prosent. Årsaka er god tilgang på norske sesongvarer på frukt- og grønsaksmarknaden.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper

Ikkje-etande råvarer hadde ein prisauke på 2,7 prosent. Her var det primært ein auke for malm og avfall av metall på 5,3 prosent som var årsaka til oppgangen. Også tømmer med ein oppgang på 0,7 prosent og papirmasse med 2,0 prosent medverka til auka prisar. For bearbeidde varer var det ein oppgang på 1,1 prosent. Her medverka særleg prisane på metall.

Tolvmånadersendring, september 2005 til september 2006: Prisauke på 6 prosent

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands auka 5,9 prosent frå september 2005 til september 2006. Av dei varene som har størst endring har vi straum, som har hatt ein auke på 88,3 prosent, samt metall og malm og avfall av metall, med ein prisauke på høvesvis 44,9 og 27,2 prosent. Mineralolje og mineraloljeprodukt har om lag same pris no som for tolv månader sia. Blant dei varene som har falle mest, finn vi IKT-relatert utstyr.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  September 2006 Endring i prosent
  August 2006-
september 2006
September 2005-
september 2006
Totalindeks  120,1 -1,3 6,0
Matvarer og levande dyr  111,5 -1,5 4,9
Drikkevarer og tobakk  115,3 0,1 2,9
Råvarer (ikkje-etande) ekskl. brenselsstoff  107,9 2,7 10,7
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum  171,4 -7,0 17,7
Kjemiske produkt  108,4 0,0 2,8
Bearbeidde varer  110,6 1,1 6,4
Maskiner og transportmiddel  101,1 0,1 -0,7
Forskjellige ferdige varer  104,1 0,7 0,6