12466_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12466
Lågaste straumpris sidan februar 2002
statistikk
2005-02-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlandsjanuar 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågaste straumpris sidan februar 2002

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands gjekk opp med 0,7 prosent den siste månaden. Høgare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt var hovudårsaka for oppgangen. Oppgangen blei motverka av ein nedgang i straumprisane på 11,6 prosent.

;>Prisutvikling for utvalte varegrupper. 2000=100

Prisane på brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk opp 1,7 prosent frå desember til januar. Den svake oppgangen i denne gruppa kjem av ein ny auke i oljeprisane denne månaden som blei motverka av nedgangen i prisane på elektrisk straum. Prisane på elektrisk straum minka med 11,6 prosent den siste månaden. I utrekningane har vi brukt tal frå Nordpool. Mildt og vått ver var årsaka. Mineralolje og mineraloljeprodukta auka med til saman 7,4 prosent. Dette kjem av sterk etterspørsel på verdsmarknaden.

Oppgangen i totalindeksen blei dempa av matvarene. Matvarer utgjer ein stor del av det som blir omsett innanlands, og dei fleste av matvareundergruppene har hatt ein svak prisnedgang. Ei undergruppe som skil seg ut her er grønsaker og frukt, oppgangen på desse varene kjem av sesongrelaterte variasjonar.

Dei bearbeidde varene har også ein auke i prisane denne månaden. Denne auken kan forklarast med høge prisar på jern og stål på verdsmarknaden. For låg produksjonskapasitet på silisium har og medverka til å auke prisane i denne gruppa.

Tolvmånadersendring, januar 2004 til januar 2005: Prisauke på 2,8 prosent

Det siste året har oljeprisane, prisane på plastråstoff og prisane på jern og stål medverka til ein auke i prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands. Nokre varegrupper som har hatt særleg stor nedgang det siste året er medisinar og farmasøytiske produkt, samt kontormaskiner og databehandlingsutstyr.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  Januar 2005 Endring i prosent
  Desember 2004-
januar 2005
Januar 2004-
januar 2005
Totalindeks  108,7 0,7 2,8
Matvarer og levande dyr  107,3 -0,3 1,3
Drikkevarer og tobakk  110,5 0,5 1,6
Råvarer (ikkje spiselege) ekskl. brenselsstoff 98,6 1,3 5,6
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum  107,2 1,7 7,6
Kjemiske produkt  106,5 0,1 0,8
Bearbeidde varer  106,1 1,0 5,6
Maskiner og transportmiddel  103,2 1,0 0,1
Forskjellige ferdige varer  103,5 0,2 1,0

Oppdaterte vekter for 2005

Vi har oppdatert vektene våre med nye tal frå nasjonalrekneskapet. Desse oppdateringane gjer at brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum får litt mindre innverknad på indeksen det komande året. Årsaka er at delen av elektrisk straum til Noregs innanlands førstegongsomsetning går ned. For bearbeidde varer har vekta auka - mykje grunna høgare omsetning av jern og stål. På heimemarknaden får nærings- og nytingsmiddel, samt bearbeidde varer auka innverknad.