12472_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12472
Høgare prisar på heime- og importmarknaden
statistikk
2004-11-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. oktober 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare prisar på heime- og importmarknaden

Prisane har gått opp både på heime- og importmarknaden. Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands gjekk opp 1,3 prosent. Prisutviklinga kjem framleis av høgare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Prisane på brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk opp 7,3 prosent frå september til oktober. I denne gruppa har prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt auka med 11,5 prosent, medan straumprisane derimot har gått ned med 2,6 prosent. Oppgangen i prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt kjem av produksjonsavgrensingar i oljeindustrien og framleis vekst i verdsøkonomien. Store nedbørsmengder held framleis straumprisane nede. Fyllingsgraden i magasina er framleis høg og vil truleg vere det ut året. Totalt hadde gruppa råvarer ein nedgang på 0,6 prosent. Matvarer hadde ein prisnedgang på 0,5 prosent. Innanfor gruppa hadde dei fleste matvarene ein prisnedgang unntatt kjøtt, fisk og korn.

På heimemarknaden gjekk prisane opp 1,8 prosent. Dette kjem av ein prisoppgang på mineralolje og mineraloljeprodukt på 11,6 prosent.

Tolvmånadersendringa, oktober 2003 til oktober 2004: Prisoppgang på 5,9 prosent

Totalt har prisane stige 5,9 prosent samanlikna med tal frå oktober 2003. Dette kjem av ein oppgang i alle hovudgrupper, spesielt for mineralolje og mineraloljeprodukt, samt råvarer. Mineralolje og mineraloljeprodukt gjekk opp 38,0 prosent. Råvarer steig med 10,2 prosent, noko som kjem av ein oppgang i prisane på malmar og avfall, samt papir. Matvareprisane auka med 1,4 prosent samanlikna med oktober 2003, der prisoppgang på fisk, sukker, meierivarer og kaffi var hovudårsaka. Tilverka varer hadde ein prisoppgang på 6,5 prosent. Dette kjem av ein oppgang i metallprisar.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  Oktober 2004 Endring i prosent
  September 2004-
oktober 2004
Oktober 2003-
oktober 2004
Totalindeks  111,6 1,3 5,9
Matvarer og levande dyr  107,7 -0,5 1,4
Drikkevarer og tobakk  109,4 -0,4 2,3
Råvarer (ikkje etande) ekskl. brenselsstoff 99,2 -0,6 10,2
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum  122,9 7,3 22,3
Kjemiske produkt  107,0 0,9 2,9
Bearbeidde varer  105,8 0,9 6,5
Maskiner og transportmiddel  103,1 -0,4 0,3
Ulike ferdige varer  104,7 0,2 2,1