12492_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12492
Pris på raffinerte oljeprodukt auka
statistikk
2004-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. mai 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Pris på raffinerte oljeprodukt auka

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk opp 0,7 prosent frå april til mai. Prisutviklinga kjem hovudsakeleg av ein prisoppgang på mineralolje og mineralprodukt.

Prisane på brenselsstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk opp med 4,5 prosent frå april til mai. Prisane på mineraloljer og mineraloljeprodukt hadde ein oppgang på 7,6 prosent, medan elektrisk straum hadde ein nedgang på 2,1 prosent. Råvareprisane gjekk ned 0,4 prosent, grunna lågare prisar på tømmer, trelast og kork, samt rå gjødningsstoff og rå mineral. Matvareprisane viste ein oppgang denne månaden, der høgare fisk- og kjøttprisar var hovudårsaka til auken.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. Prisutviukling på utvalgte varer

Bearbeidde varer gikk ned 0,5 prosent. Dette kjem av ein prisnedgang på metall. Prisnedgangen kjem blant anna av lågare etterspurnad grunna signal frå Kina om innstramming i økonomien. London Spot Markets melder at prisane på aluminium og nikkel gjekk ned med 6,0 og 14,1 prosent frå april til mai.

På heimemarknaden gjekk prisane opp med 1,3 prosent. Oppgangen kjem mellom anna av høgare prisar på mineralolje og mineraloljeprodukt.

12-månadsendring, mai 2003 til mai 2004: Prisoppgang på 5,5 prosent

12-månadsendringa viste ein prisoppgang på 5,5 prosent samanlikna med tal frå mai 2003. Dette kjem av ein oppgang av alle hovudgrupper, då spesielt utviklinga i mineralolje og mineraloljeprodukt og råvarer. Mineralolje og mineraloljeprodukt gjekk opp 28,5 prosent. Råvarene gjekk opp 10,7 prosent, noko som kjem av ein oppgang i prisane på malm og avfall av metall. Matvareprisane gjekk opp 1,3 prosent samanlikna med mai 2003. Bearbeidde varer hadde ein prisoppgang på 4,4 prosent. Dette kjem mellom anna av ein oppgang i jern- og stålprodukt på 20,6 prosent.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  Mai 2004 Endring i prosent
       April 2004-
mai 2004
     Mai 2003-
mai 2004
Totalindeks  108,5 0,7 5,5
Matvarer og levande dyr  106,1 0,3 1,3
Drikkevarer og tobakk  109,1 0,3 3,4
Råvarer (ikkje etande) ekskl. brenselsstoff 99,5 -0,4 10,7
Brenselsstoff, smørjeoljer, elektrisk straum  108,8 4,5 17,6
Kjemiske produkt  106,3 -0,1 1,7
Bearbeidde varer  103,0 -0,5 4,4
Maskiner og transportmiddel  104,0 -0,1 2,0
Ulike ferdige varer  103,6 0,2 1,7