12522_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12522
Prisnedgang på råolje
statistikk
2003-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. september 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisnedgang på råolje

Prisindeksen for førstegongsomsetning innanlands gjekk ned 0,7 prosent frå august til september. Årsak var lågare prisar på olje og oljeprodukt.

Brennstoff, smørjeoljer og elektrisk straum gjekk samla ned med 3,9 prosent. Eit fall i prisane innanfor olje og oljeprodukt på 6,3 prosent var årsaka til nedgangen denne månaden. I denne gruppa var det råolja som trekte mest ned. Elektrisk straum gjekk òg ned med 1,7 prosent.

Matvarer hadde ein oppgang på 0,4 prosent som motverka nedgangen. Grønsaker og frukt og kjøtt gjekk opp høvesvis 1,2 og 1,0 prosent. Ei årsak til prisoppgangen var lægre tilgang på tomatar og blomkål. Oppgangen på kjøttprisane blei påverka av høgare prisar på tilverka kjøtt. Oppgang i prisar på meieriprodukt gjorde òg sitt.

Elles gjekk prisane på tilverka varer ned 0,3 prosent, mens prisane på kjemiske produkt gjekk opp 0,4 prosent.

På heimemarknaden gjekk prisane ned 0,8 prosent. Prisnedgang på olje og oljeprodukta var også her årsaka til utviklinga.

12-månadersendring: Oppgang på 6,3 prosent

12-månadersendringa for indeksen samla blei 6,3 prosent. Fleirtalet av hovudgruppene synte oppgang i denne perioden. Største oppgang var på produkt innanfor gruppa brennstoff, smørjeolje og elektrisk straum. Oppgangen kjem av høgare straumprisar på nesten 60 prosent.

Matvarer hadde ein prisauke på 1,4 prosent, kor grønsaker og frukt viste ein prisauke på over 10 prosent. Råvarene viste ein prisauke med 4,7 prosent, som kjem av høgare prisar innanfor malmar og avfall av metall på over 14 prosent.

Ein desimal frå januar 2004

Frå og med publiseringa av januar 2004 vil indeksane bli framstilte med ein desimal - i høve til dagens frigjeving med to desimalar. Årsaka til endringa er at to desimalar gjev eit overdrive inntrykk av presisjonen til estimata - som ikkje blir noko dårlegare med ein desimal. I tillegg har vi eit ønskje om å harmonisere med vanleg praksis- som er ein desimal.

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands. 2000=100
  September 2003 Endring i prosent
  August 2003-
september 2003
September 2002-
september 2003
Totalindeks  104,78 -0,7 6,3
Matvarer og levende dyr  106,46 0,4 1,5
Drikkevarer og tobakk  106,80 0,3 2,1
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer 91,45 0,6 4,7
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm 97,67 -3,9 10,9
Kjemiske produkter  103,57 0,4 1,9
Bearbeidede varer 99,19 -0,3 0,4
Maskiner og transportmidler  102,06 0,1 -0,2
Forskjellige ferdige varer  102,66 0,1 0,2